Dersom eit stoff medfører ein uakseptabel risiko for menneske og/eller miljø, er det aktuelt å innføre ein restriksjon, viss det òg gir ein samfunnsmessig fordel.

Restriksjonar i Reach kan gjelde:

  • eitt stoff eller ei gruppe av stoff
  • åleine eller i ei blanding
  • for eitt eller fleire bruksområde
  • bruk av stoffet/stoffa i faste produkt

Det vanlegaste er at det blir innført restriksjon av både produksjon, bruk og omsetning (inkludert import) av stoffet/stoffgruppa. Ein restriksjon kan òg medføre krav om spesifikke vilkår, som til dømes å krevje tekniske tiltak eller spesiell merking.

Import av faste produkt

Import til EU/EØS av stoff i faste produkt kan regulerast med restriksjon, medan autorisasjonsordninga berre omfattar bruk av stoffa i EU/EØS. Derfor er restriksjonar ein spesielt verknadsfull reguleringsveg.

Echa er pliktig til å fortløpande vurdere behov for restriksjon av import av faste produkt som inneheld stoff på autorisasjonslista (vedlegg XIV).

Forslag til nye restriksjonar

Ansvarlege styresmakter i EU/EØS-landa eller Echa (på oppdrag frå EU-kommisjonen) kan foreslå nye restriksjonar under Reach.

Slike forslag skal innehalde:

  • dokumentasjon på at stoffet eller stoffgruppa utgjer ein uakseptabel risiko for helse og/eller miljø
  • skildring av kva alternativ som finst
  • kost-nytte vurdering for samfunnet ved å innføre restriksjon
  • innspel frå rørte partar

Echa sender forslaga på internasjonal høyring. Det er Echas komitear for risikovurdering (Rac) og for sosioøkonomisk analyse (Seac) som vurderer forslaget og høyringsinnspela. Seac utarbeider endeleg opinion, og Echa sender tilrådinga si om vedtak i saka til EU-kommisjonen, som avgjer om restriksjonen blir innført.

EU-kommisjonen kan òg foreslå restriksjon for kreftframkallande-, mutagene- og reproduksjonstoksiske stoff i dei mest alvorlege kategoriane i forbrukarprodukt, utan involvering av Echas komitear.

Påverke og halde seg oppdatert

Miljødirektoratet informerer om Echas høyringar i meldingar som ein kan abonnere på varslar om (sjå nedst på sida). All informasjon om regulering av stoff ligg òg tilgjengeleg på Echas nettstad.

Kommande endringar i regelverket skal i utgangspunktet òg blir innført i Noreg. Dersom aktørar på den norske marknaden har kommentarar til eit endringsforslag, er det viktig å gi innspel til Echas høyring for å kunne ha reell påverknadsmoglegheit.

Registry of Intentions (RoI) er Echas register med informasjon om myndighetenes planer om fremtidig regulering av stoffer under Reach og CLP. Hensikten er å gjøre offentligheten, og spesielt berørte parter, oppmerksom på kommende reguleringsforslag. Dette muliggjør tidlig forberedelse til å bistå med informasjon, og kommentering på offentlig høring senere i prosessen.

Inneholder stoffer med særlig alvorlige helse- og miljøegenskaper (såkalte SVHC-stoffer, Substances of Very High Concern).

Virksomheter som omsetter kjemikalier og faste produkter med slike stoffer (for eksempel tekstiler og møbler) har informasjonsplikt til arbeidstakere, forbrukere og Echa.

Informasjon til Echa skal meldes via Scip-databasen. 

Stoffer på kandidatlista kan bli underlagt krav om autorisasjon i Reach, eller bli forbudt

Echa har tre registre:

Unntak

Enkelte stoff er unnteke frå restriksjonsprosessen under Reach, mellom anna stoff

  • som blir brukte som intermediat som blir på produksjonsstaden (on-site)
  • som blir brukte i vitskapleg forsking og utvikling
  • som ikkje er omfatta av verkeområdet for Reach
  • med helserisiko berre ved bruk i kosmetikk
  • som blir brukte i svært låge konsentrasjonar (lågare enn klassifiseringsgrensa)

Spørsmål?