Søkjer om å få godkjent bruksområde for to ftalater

Stoffa DEHP (bis(2-etylheksyl)ftalat) og Dibutyl phthalate (DBP) er underlagt krav om godkjenning under REACH (står i vedlegg XIV i REACH-regelverket). Det europeiske kjemikaliebyrået ECHA har motteke 7 søknader om å få godkjent bruk av stoffa DEHP og DBP og inviterer interesserte partar til å levere relevant informasjon om alternativer på bruksområda det er søkt godkjenning for.

På websida til ECHA finnast det nærmare informasjon om bruksområda det er søkt godkjenning for, stoffa sin funksjon, eksponeringscenario, mogelege alternativ, sosioøkonomisk analyse og annan bakgrunnsinformasjon.

ECHA sin risikovurderingskomité (RAC) og sosioøkonomiske komitè (SEAC) vil vurdere søknaden og innkomne høyringskommentarar og gi tilrådinga si til EU-kommisjonen. Det er EU-kommisjonen som vedtek om søknaden skal innvilgast eller avslåast.

Når EU-kommisjonen har vedteke avgjerder om godkjenning, er Miljødirektoratet forplikta til å treffe tilsvarande avgjerd samtidig og innan 30 dagar etter EU-kommisjonen si avgjerd. Miljødirektoratet planlegg ikkje å gjennomføre separat høyring i Noreg.

Tema