Byggjebransjen brukar mange produkt som inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Foto: Jon Fonnlid Larsen, Miljødirektoratet

Bruker meir verstingstoff i byggjebransjen

Miljødirektoratet ser med uro på at bruken av produkt som inneheld stoff med alvorlege helse- og miljøeigenskapar igjen aukar i byggjebransjen. Auken i bruk kjem etter fleire år med nedgang.

Substitusjon av kjemikal

  • Aktørar med ansvar for kjemikalbruk i byggjebransjen skal ha oversikt over kva kjemikal som inngår i byggjeprosessen. Dei skal blant anna vite om kjemikala kan medføre helse- og miljøfare i bruks- eller avfallsfasen.
  • Dei skal ha eit medvite forhold til substitusjon av kjemikal på styresmaktene si liste over prioriterte stoff og EU si kandidatliste, og dei skal velge stoffa som er best for helse og miljø

– Stoff som står på prioritetslista, ofte kalla verstinglista, utgjer ein alvorleg trussel mot helse og miljø, og bruken av stoffa skal stansast innan 2020. Derfor ser vi med uro på at bruken av produkt som inneheld slike stoff, no ser ut til å auke i bygg- og anleggsbransjen, seier avdelingsdirektør Marit Kjeldby i Miljødirektoratet.

Uroleg for auka bruk

Byggjebransjen er storforbrukar av kjemiske produkt som isolasjonsmateriale, lim, fugemidlar og måling, og mange av desse inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Ein del av produkta inneheld også stoff som står på styre

smaktene si prioritetsliste, som er lista over stoff som skal reduserast kraftig eller stansast innan 2020.

Produktregisteret

  • Styresmaktene sitt register over farlege kjemikal i Noreg.
  • Deklareringsplikta til registeret gjeld for faremerka kjemikal som blir produserte/importerte i mengd på 100 kg eller meir pr. år.
  • I tillegg skal mikrobiologiske produkt og produkt som omfattast av biocidforskrifta blir uavhengig registrert av mengd.
  • Faste tilverka produkt er ikkje deklareringspliktige.

Tal frå produktregisteret viser at bruken av produkt med helse- og miljøfarlege eigenskapar gjekk vesentleg ned frå 2005 og til 2011. Nedgangen gjeld også for verstingstoffa, der bruken nesten er halvert i same periode.

Frå 2010 til 2012 var auka av bruken av produkt med verstingstoff 25 prosent, utan at det aleine kan forklarast med tilsvarande auke i aktiviteten i byggjebransjen.

Hjelper bransjen med miljøvurderingar

Alle verksemder som bruker kjemikal, er omfatta av substitusjonsplikta. Det betyr at dei skal velje produkt som inneheld stoff med minst risiko for helse og miljø - så lenge det ikkje medfør ein urimeleg kostnad eller ulempe.

Miljødirektoratet har laga rettleiarar for å hjelpe bransjen med å gjere miljøvurderingar av produkt og velje bort helse- og miljøfarlege stoff. Vi kontrollerer også at verksemder har gode system for å velje dei beste alternativa for miljøet.

Miljødirektoratet

  • Fra 1. juli 2013 en sammenslåing av Direktoratet for naturforvaltning og Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif).

I fjor fekk byggjebransjen på plass ein frivillig avtale med medlemene sine om at dei ikkje skal omsetje eller bruke fugeskum med miljøgiftene mellomkjedete klorparafinar (MCCP) etter 1. januar 2015.

Miljødirektoratet forventar å sjå ein reduksjon av MCCP i produkt som blir meldt til produktregisteret over tid.

– Vi ser positivt på at byggjebransjen her går i bresjen for å få ned bruken av verstingstoff. Fordi bransjen er stor og samansett, er det viktig at dei er medvitne på å bruke produkt som inneheld minst mogeleg helse- og miljøfarlege stoff, seier Marit Kjeldby.

Kontakt

Tema