No skal det fiskast søppel
«Fishing For Litter» i ulike land hjelper til med å fjerne marint avfall frå havet. Her har fiskebåten «Amity II» på Shetland fiska opp avfall. Foto: Karen Murray, Shetland News.

No skal det fiskast søppel

Marin forsøpling truar det marine miljøet og skader dyrelivet i havet. No skal norske fiskarar hjelpe til med å samle inn dette avfallet. Miljødirektoratet gir Salt Lofoten AS oppdraget med å leie eit toårig prøveprosjekt om «Fishing For Litter».

Marin forsøpling

Definert som alt fast materiale frå menneskeleg aktivitet - plast, trevirke, metall, glas, gummi, tekstilar, papir - som er forlatne eller på annan måte hamnar i havet.

Inkluderer avfall frå landbaserte kjelder som er frakta til havet med vassdrag, avløp eller vind.

Inkluderer ikkje avfall i væskeform, som mineralsk eller vegetabilsk olje, parafin og andre kjemikal.

Biologisk nedbrytbart avfall frå fiskerinæringa og akvakultur blir heller ikkje omfatta.

Havet og kysten blir tilført årleg store mengder avfall. Mykje av dette består av plast, metall og gummi, som det kan ta hundreår å bryte ned i naturen.

Påverknaden frå marin forsøpling kan vere kritisk for artar i ein allereie pressa bestandssituasjon. Sjøfugl er spesielt utsett. Mengda søppel i havet aukar dessverre frå år til år. Derfor er det viktig med tiltak for å hindre forsøpling og for å fjerne avfallet frå havet.

Fiske etter søppel

Noreg og dei 14 andre medlemslanda i Oslo-Paris-konvensjonen om vern av det marine miljøet i Nordøst-Atlanteren (OSPAR) er bedt om å vurdere «Fishing For Litter» som tiltak mot marin forsøpling.

- Ordninga inneber at fiskebåtar som deltek, blir utstyrt med store, robuste sekker kor dei samlar avfall som blir tekne opp med trål eller annan reiskap under normalt fiske. Sekkene blir leverte kostnadsfritt i hamner som deltek i ordninga. Her blir avfallet sortert, registrert og handtert på forsvarleg måte, forklarer miljødirektør Ellen Hambro.

Planlagd oppstart er 2. januar 2016. Dei fyrste to åra er eit prøveprosjekt, med eit avgrensa budsjett. I fyrste omgang er det planlagt mottaksopplegg i Tromsø, Ålesund, Egersund og Karmøy.

Mengda fartøy som får høve til å bli med i prøveperioden, kan også bli avgrensa. Det viktigaste er å vinne erfaring med korleis prosjektet best kan organiserast og kva mengder og typar avfall som samlast inn.


Frivillig innsats

- Fiskarar kan gjere ein miljøinnsats ved å ta søppel dei får i reiskapane sine til land. Då hjelper dei til med å få eit reinare hav og til at avfallet får forsvarleg behandling. Dette er ein frivillig innsats som fiskarane yter til samfunnet, som vil ha stor positiv effekt for livet i havet, seier Ellen Hambro.

Det er vurdert at rundt 15 prosent av marint avfall driv i land og blir liggjande på strendene, mens 15 prosent flyt rundt i havet. Dei resterande 70 prosent hamnar på havbotnen.

Forutan Fiskeridirektoratets årlege oppryddingstokt for tapte fiskereiskap, har vi i Noreg ingen andre organiserte tiltak som er retta mot den delen av avfallet som befinn seg i vassøyla eller ligg på havbotnen. Fishing For Litter vil hjelpe til her.

Fishing For Litter

Hjelper til med å fjerne marint avfall frå havet.

Aukar medvitet til fiskarane i forhold til kva dei sjølv tilfører av søppel til miljøet.

Hjelper til med å overvake regionale trendar i marint avfall. Resultata blir rapporterte til OSPAR.

Skal undersøkje moglegheita til å gjenvinne dei ressursane som blir tekne opp frå havet i form av marint avfall.

Gjenvinning i fokus

Det kom inn tre tilbod etter at Miljødirektoratet i vår  lyste ut oppdraget om organisering, planlegging og drift av prøveprosjektet Fishing For Litter i Noreg.

Vi har valt Salt Lofoten AS til å leie dette prosjektet for oss.

Med seg på laget har dei Nofir AS (Norsk Fiskeriretur), som vil ta imot og materialgjenvinne den delen av avfallet som består av fiskerirelatert marint avfall.

Salt Lofoten har sett seg som mål at alt avfall som kan gjenvinnast innanfor dagens ordningar i Noreg, skal gjenvinnast.

Relaterte lenker

Kontakt

seksjonsleiar Eva Degré
marin seksjon
telefon: 920 83 176

seniorrådgivar Erlend Standal
marin seksjon
telefon: 469 06 133

Tema