Tiltaka som er satt inn for å fremje den prioriterte arten drakehovud fungerer. Foto: Rigmor Solem, SNO

Tidobla blomstring for drakehovud

Den prioriterte arten drakehovud opplever ein ny vår i Uri naturreservat i Vang. I perioden 2009-2014 auka talet på drakehovud i blomstring frå 31 til 275.

Drakehovud

Drakehovud (Dracocephalum ruyschiana) høyrer til leppeblomfamilien (Lamiaceae). Dei store leppeforma blå blomane som sit samla i ein blomsterstand som likner på aks, og dei smale blada som sit korsvis motsette oppover stengelen gjer planta svært karakteristisk og lett synleg.

Arten trivst best på kalkrik jord, og dei fleste stadene den veks i Noreg er knytte til kalkrike bergartar, spesielt i Oslofeltet. Drakehovud er ein søraustleg art i Noreg, men finst også spreidd oppover Gudbrandsdalen, Valdres og Hallingdal.

Drakehovud (Dracocephalum ruyschiana) har status som prioritert art, og er beskytta med eigen lovforskrift under Naturmangfaldlova. Då Handlingsplan for drakehovud kom ut i 2010 var kunnskapen om utbreiing mangelfull. Frå Vang kommune var det berre referert til tre kjente førekomstar, og bestanden innanfor naturreservatet Uri var ikkje kjent.

– Drakehovud er meir utbreidd enn tidlegare kjent i Øvre Valdres, viser ei kartlegging av blomen som blei gjort i 2010-2011 og 2014. Truleg må regionen no reknast som kjerneområde for arten, seier avdelingsdirektør Rune Aanderaa i Statens naturoppsyn (SNO) i Miljødirektoratet.

Uri naturreservat ligg i ei bratt li på nordsida av Vangsmjøsa i Vang kommune. Det er eit særprega område med mest rein furuskog på eit kalkrikt skiferunderlag, på ein stad som elles er dominert av gran.

Reservatet grodde att

Drakehovud  vart først observert i den austlege enden av reservatet i 2008 av naturoppsyn Thor Østbye i SNO. Plantene var glisne og tynne. Dei blomstra lite, og det vart ikkje registrert teikn til forynging av unge planter eller frøplanter. Området var i ein attgroingsfase etter at slått (fram til 1960-talet) og beite tok slutt for vel ti år sia.  Allereie same haust vart det derfor skreve ein plan for skjøtsel for lokaliteten.

I perioden 2009-2014 vart heile arealet rydda for tre og kratt. Ryddinga vart utført gradvis, i samsvar med tilrådinga i planen. Stubbebehandling og ringbarking vart gjort for å hindre at skogen vaks kjapt opp igjen. Hogstmateriale vart fjerna og kjørt bort. Dei fleste åra har kvist med lauv vorte nytta som lauvfôr på nabogarden Leine.

Klipt for hand

Kvart år i tida 2009-2014 vart feltsjiktet rundt dei enkelte drakehovudplantene rydda ved å klippe for hand og luke. Etter at buskas og tre i stor grad var fjerna, vart området slege med ljå i åra etter 2012. Ljåslåtten er utført i overgangen august-september. Slåttematerialet vart raka saman og transportert bort.

– Eg er glad for å sjå at dei tiltaka vi har satt inn for å fremje ein prioritert art fungerer, seier Aanderaa.

Det er vanskeleg å finne ein tilfredsstillande metode for å telje drakehovud. Sidan planta set skot frå ein djuptliggande jordstengel, er det mest umuleg å skilje dei enkelte individa. Kvar enkelt plante har potensial til å bli særs gammal og kan dekkje eit stort område. Enkeltplanter kan vekse innfiltra i kvarandre. Også teljing av blomstrande stengel gir metodiske utfordringar.

Relaterte lenker

Kontakt

seniorrådgjevar Rigmor Solem
seksjon for naturtilstand areal, Statens naturoppsyn
telefon: 959 65 158

Tema