Tegl, betong og murpuss i container. Foto: Jon Fonnlid Larsen, Miljødirektoratet.

Mindre PCB og meir gjenbruk av betongavfall

Nytt forslag frå Miljødirektoratet skal føre til meir gjenvinning av lite forureina betong- og teglavfall, og til at det svært helse- og miljøskadelege stoffet PCB blir fjerna raskare frå gamle bygg.

Polyklorerte bifenyl (PCB)

PCB har mange alvorlege effektar på helse- og miljø. Ny bruk av PCB blei forboden i 1980, men stoffa finst framleis i ein del gamle produkt og materiale. PCB kan framleis lekkje ut frå gamle produkt og materiale, særleg når dei endar opp som avfall. Ifølgje berekningar frå Miljødirektoratet var det igjen cirka 112 tonn PCB i produkt og bygningar ved utgangen av 2013. Den totale mengda PCB i bruk blei anslått til drygt 1300 tonn i 1980. Dette er ein reduksjon på meir enn 90 prosent.

Les meir på Miljøstatus

I eit forslag til nytt regelverk foreslår Miljødirektoratet eigne grenseverdiar for kor mykje miljøgifter betong- og teglavfall kan innehalde og korleis det skal handterast før det kan gjenvinnast utan løyve frå miljømyndigheitene.

Les meir om betong- og teglavfall på Miljøstatus

Målet er at meir avfall blir brukt til etablering av vegar, til parkeringsplassar og støyvollar og til rehabilitering av terrenget etter gravearbeid.

– Avfallet kan erstatte pukk og andre naturlege massar. Det betyr færre inngrep i naturen, mindre transport og auka gjenvinning, seier Pål Spillum, fungerande avdelingsdirektør i Miljødirektoratet.

Fjerning av PCB

Det nye forslaget skal også sørgje for at mest mogeleg attverande PCB i ståande bygg blir samla inn og destruert.

Lag av måling, fuger, avrettingsmassar, murpuss og betong og tegl med høge PCB-konsentrasjonar blir handterte i dag som farleg avfall, men det varierer om det blir gjort til inkje eller levert til deponi.

– No ønskjer vi å forskriftsfeste at delar av avfallet med høge konsentrasjonar av PCB blir fjerna frå betongen og blir destruert, for eksempel i forbrenningsomnar. Då vil vi bli kvitt betydelege mengder miljøfarlege stoff, seier Spillum.

På høring

I tilfelle kor det er urimeleg dyrt eller vanskeleg kan Miljødirektoratet gjere unnatak frå plikta. Då må avfallet leverast til godkjent deponi.

Miljødirektoratet har sendt forslag til endring av avfallsforskrifta og konsekvensutgreiinga til Klima- og miljødepartementet (KLD) med tilråding om å leggje ut på høyring.

Relaterte lenker

KONTAKT

seksjonsleder Thomas Hartnik
seksjon for avfall og grunnforurensning
telefon: 926 94 021

Tema