Figuren viser effekten av metodeendringane for historiske utslepp 1990–2005 og justert framskriving.

Ny metode endrar framskriving frå klimaforliket

Etter at Stortinget vedtok dei nasjonale klimamåla i 2008, har FN endra metodane for å berekna utslepp av klimagassar. Miljødirektoratet har som følgje av dette justert framskrivinga av utslepp av klimagassar som låg til grunn da Stortinget sette måla i klimaforliket.  For 2020 gir det ei endring frå 59,2 til 60,6 millionar tonn CO2–ekvivalentar. 

Endra berekningar av klimapåverknaden

Den berekna klimapåverknaden for mange av gassane er justert, målt som Global Warming Potential, forkorta til GWP.

Dette fører til at dei samla utsleppa av klimagassar, målt som CO2-ekvivalentar, blir endra.

Endra utsleppsfaktorar

Metodeendringane er i hovudsak resultat av nye retningslinjer frå FNs klimapanel (Intergovernmental Panel on Climate Change, IPCC).

Retningslinjene (IPCC 2006) omfattar endringar i metodar og utsleppsfaktorar for mange utsleppskjelder, og enkelte nye kjelder har kome til. Det gir endringar i dei norske totalutsleppa av kvar enkelt gass.

Det er FNs klimapanel (Intergovernmental Panel on Climate Change, IPCC) som har laga nye retningslinjer for å berekna utsleppa av klimagassar.

Miljødirektoratet har ikkje lagd nye framskrivingar for utslepp av klimagassar, men berre justert framskrivinga som låg til grunn for klimaforliket på Stortinget, i samsvar med dei nye retningslinjene frå IPCC.

Retningslinjene (IPCC 2006) omfattar endringar i metodar og utsleppsfaktorar for mange utsleppskjelder, og enkelte nye kjelder har kome til. Metodane blir no brukt i den norske utsleppsrekneskapen, og endrar i dei berekna norske utsleppa av klimagassar.

Framskrivinga frå klimaforliket no er berekna slik at framskrivinga kan samanliknast med den årlege norske utsleppsrekneskapen som kvart år blir rapportert til FN.

Etter klimaforliket frå 2008 er det laga fleire framskrivingar. Siste gjeldande framskriving kom i Nasjonalbudsjettet 2015, som inkluderer alle vedtekne virkemiddel til og med tredje kvartal 2014.

Justering av framskrivinga frå nasjonal-budsjettet 2007

Stortinget sette i klimaforliket frå 2008 mål for å redusere dei norske utsleppa av klimagassar fram mot 2020.

Forliket vart første gong vedteke i 2008, og målet om å redusera utsleppa tok utgangspunkt i venta utsleppsutvikling fram mot 2020, presentert som ei framskriving av utsleppa i Nasjonalbudsjettet 2007. Denne framskrivinga la til grunn at utsleppa i 2020 ville svare til 59,2 millionar tonn CO2.

Framskrivinga for 2020, i Nasjonalbudsjettet 2007, er skalert som forholdet mellom rekneskapet for 2002, da framskrivinga blei laga, og utsleppet i 2002 etter innføringa av IPCC 2006. I tillegg er nye GWP-verdiar (Global Warming Potential) inkludert.

Inkludert nye metodar og kjelder, og nye GWP-verdiar er framskrivinga for 2020 justert opp med 1,4 millionar tonn CO2–ekvivalentar frå 59,2 til 60,6 millionar.

Av auken i utsleppa som følgje av metodeendringane skuldast knappe ein million tonn CO2-ekvivalentar effekten av nye GWP-verdiar og i underkant av 0,4 millionar tonn CO2-ekvivalentar effekten av nye metodar og utsleppskjelder.

 

Relaterte lenker

KONTAKT

Seksjonsleder Elin Økstad seksjon for utslippsregnskap og tiltaksanalyser,
telefon 951 64 790

Tema