Sju bjørnar kan felleast under lisensfellinga i haust. Foto: Bo Kristiansson

Kan felle sju bjørnar på lisens

Totalt sju bjørnar kan fellast under lisensfellinga som startar 21. august. Miljødirektoratet opnar for felling for å hindre framtidig skade på husdyr og tamrein, sjølv om bestandsmålet for bjørn ikkje blei nådd i fjor.

Felling og jakt

Lisensfelling: Skademotivert felling av ei bestemt mengd individ av ein viltart, med heimel i viltlova § 12. Kvoten er fastsett av offentleg myndigheit, og det blir kravd at jegeren er registrert som lisensjeger i Jegerregisteret for å kunne delta.

Kvotejakt: Ordinær jakt på ei bestemt mengd individ av ein viltart, med heimel i viltlova § 9. Kvoten er fastsett av offentleg myndigheit.

Skadefelling: Skademotivert felling av enkeltindivid av gaupe, jerv, bjørn eller ulv for å stanse eller forhindre skadar på bufe eller tamrein med heimel i naturmangfaldlova § 18, punkt b.

Kvotane er fordelte på ein bjørn i region 5 (Hedmark), to bjørnar i region 6 (Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal), ein bjørn i region 7 (Nordland) og tre bjørnar i region 8 (Finnmark og Troms). Miljødirektoratet vurderer at sju bjørnar kan fellast utan at det påverkar overlevinga til bestanden i særleg grad.

Gjennom rovviltforliket har Stortinget fastsett at bestandsmålet for brunbjørn i Noreg er tretten årlege ungekull. I fjor blei det truleg født seks kull, og ingen av dei fire rovviltregionane nådde målet. Samtidig seier forliket at det skal vere tydelege forskjellar i forvaltinga i prioriterte rovviltområde og i område prioritert for beitedyr. 

Meir føreseieleg for næringa

– Lisensfelling er eit verktøy for å redusere skadeomfanget og skal vere med å auke føreseielegheita for beitenæringa. Tiltaket er retta mot å felle hannbjørnar i prioriterte beiteområde, og områda der det er opna for lisensfelling ligg utanfor vedtekne yngleområde for bjørn. Sannsynlegheita for at binner blir felte er derfor liten, seier seksjonsleiar Knut Morten Vangen i Miljødirektoratet.

Av rovviltforliket går det også fram at beitebruken skal tilpassast gjennom førebyggjande tiltak i prioriterte rovviltområde. Det vil seie at rovviltet har tydeleg prioritet i desse sonene, og at terskelen for å tillate felling av rovvilt skal vere høg der.

Vektlegg tilrådingane frå nemndene

Kven som fattar vedtak om lisensfelling blir avgjord av om bestandsmålet er nådd eller ikkje. Dei regionale rovviltnemndene set kvotane når bestanden ligg over målet. Miljødirektoratet har avgjerdsmakta når bestandsmålet ikkje er nått, men rovviltnemndene sitt syn skal vektleggjast i vurderingane.

I år har nemndene i dei fire regionane tilrådd ein kvote på totalt tretten bjørnar. Så langt i år er det skote fire bjørnar i Noreg på skadefelling. Sidan bestanden er betydeleg under det fastsette målet, har Miljødirektoratet sett kvoten for lisensfelling til sju individ.

Blir påverka av svenskane

Kor mange bjørnar som lever på svensk side av grensa, påverkar i stor grad bjørnebestanden i Noreg. Bestanden i Sverige minkar. I 2013 blei den estimert til om lag 2 800 individ, mot 3 200 individ i 2008. I perioden 2010 til 2015 har det vore ein gjennomsnittleg årleg avgang på ca. 340 bjørnar på svensk side. Nedgangen kan bety mykje for kor lenge det vil ta å oppnå det vedtekne bestandsmålet her i landet.

– Det skandinaviske bjørneprosjektet har rekna ut at det vil ta mange år før vi når målet om tretten kull fødde i Noreg årleg. Kvoten og avgrensinga av område for felling må fastsetjast slik at dette ikkje hindrar ein vekst mot bestandsmålet, seier Vangen.

Bjørn tek færre sau

Talet på sau som er stadfesta teke av bjørn, og sau erstatta som drepe av bjørn, har gått klart ned i Noreg dei siste åra. Tapstala dei to siste åra har vore dei lågaste på ti år. I same periode har talet på sau på utmarksbeite vore relativt stabilt, men i yngleområda for bjørn har fleire bønder omstilt til anna drift eller hatt husdyr på beite innanfor rovviltavvisande gjerde.

I 2015 blei det erstatta 1 946 sau og lam som tekne av bjørn, mens tilsvarande tal for 2014 var 1 705 sau og lam. Til samanlikning blei det i 2009 erstatta 7 000 sau og lam som tekne av bjørn.

Rovviltregionane 1, 2, 3 og 4 har ikkje fastsette nasjonale bestandsmål og kan sjølv avgjere om det skal bli tillate med lisensfelling i regionane sine. Derfor kan den totale kvoten bli høgare enn dei sju bjørnane Miljødirektoratet har opna for å felle.

Reglar for jakt utanlands

For dei som jaktar i Sverige gjeld spesielle reglar for kva delar av dyret ein kan ta med seg tilbake til Noreg. Mer informasjon fins hos det svenske Jordbruksverket. Omsetjing eller vidaresal av delar fra bjørn som er felt utenfor Noregs grenser, er omfatta av CITES-føresegnene.

Relaterte lenker

Kontakt

rådgivar Veronica Sahlén
viltseksjonen
telefon: 465 09 402

seksjonsleiar Knut Morten Vangen
viltseksjonen
telefon: 905 92 214

Tjenester og verktøy

Tema