Barn er meir utsatt for farlege stoff enn voksne. Nå har EU har vedteke strengare grenser for miljøgifta bisfenol A i leiketøy. Foto: John Petter Reinertsen.

Betre vern for barna

EU har vedteke strengare grenser for kor mykje av miljøgifta bisfenol A som kan leke ut frå leiketøy.

Bisfenol A blir brukt i mange forskjellige produkt som plast, måling og lim. Stoffet har hormonforstyrrande effektar i blant anna fisk, og blir mistenkt for å kunne hindre fosterutvikling og skade reproduksjonsevna.

Les mer om bisfenol A på Erdetfarlig

I 2006 blei bisfenol A ført opp på Noreg si såkalla verstingliste for miljøgifter. Målet med lista er at utsleppa skal reduserast vesentleg innan 2020. I 2011 blei stoffet forbode å bruke i tåteflasker i heile EU/EØS.

Ny risikovurdering

EU-landa blei nyleg einige om å forby bisfenol A i termisk utskriftspapir som for eksempel kassakvitteringar, fordi det er mistanke om at stoffet kan skade fosteret til gravide butikkmedarbeidarar.

I 2015 publiserte EUs mattryggleikorgan (EFSA) ei ny risikovurdering der dei konkluderte med å senke det tolerable daglege inntaket for bisfenol A.

Nye grenseverdier

Barn er ofte spesielt kjenslevare for påverknad frå denne typen skadelege stoff. Basert på EFSA si nye vurdering av bisfenol A har EU-landa vurdert at grenseverdien for utklekking av stoffet i leiketøy ikkje var lågt nok.

Det er derfor vedteke å skjerpe krava for bisfenol A i leiketøyregelverket. Direktivet vil bli teke inn i den norske leketøyforskrifta etter nasjonal høyring.

Les forslaget til ny regulering her (dansk)

KONTAKT

sjefingeniør Berit Eyde Kjuus
kjemikalieseksjonen
telefon: 465 47 005

seksjonsleder Heidi Morka
kjemikalieseksjonen
telefon: 959 61 349

Tema