Vi kastar litt mindre hushaldsavfall

Renovasjonen tok hand om 2,3 millionar tonn hushaldsavfall i 2015, om lag det same som i 2014. I snitt kasta kvar og ein av oss 434 kilo hushaldsavfall. Det er 4 kilo mindre enn i 2014, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).

Trass i nedgangen i perioden 2014-2015 har det vore ei dobling av mengdene avfall på 20 år. På same tida har mengda sortert avfall auka om lag 6 gonger.

Avfallsmengda aukar mindre enn forbruket

Tala syner ein samanheng mellom forbruket i hushalda og kor mykje vi kastar. I åra fram til 2008 auka mengda hushaldsavfall i snitt med 5 prosent kvart år. Det var meir enn forbruksvolumet i hushalda målt ved privat konsum i faste prisar. Dei fem siste åra har derimot auken i avfallsmengda i snitt vore mindre enn volumauken i forbruket.

Les meir hos Statistisk sentrabyrå.

KONTAKT

Seniorrådgiver Elisabeth Møyland, seksjon for avfall og grunnforurensning, telefon 95084010

Tema