Helse, miljø og klima: Mange tiltak mot forbrenning av fossilt brennstoff gir både reinare luft og lågare klimagassutslepp. Foto: Miljødirektoratet/Linn Bryhn Jakobsen.

Europeiske byar blir kvelt av dårleg luft frå andre land

Det meste av luftforureininga i mange europeiske byar skuldast utslepp utanfor byen. Det går fram av ein ny internasjonal rapport. Ifølgje rapporten er det langt billigare å redusere utsleppa enn å betale for helse- og miljøskadane frå luftforureining.

Rapporten er ei oppsummering av kunnskapen om luftforureining i Europa, Nord-Amerika, Arktis, Russland og delar av Sentral-Asia. Den er eit bidrag til kunnskap og politikkutvikling i landa som er medlem av Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining. Noreg er medlem og bidreg aktivt for å følgje den opp.

Kan ikkje løysast lokalt

Om rappporten

  • Rapporten «Towards Cleaner Air. Scientific Assessment Report 2016" blir publisert tysdag 31. mai av UN Economic Comission for Europe og Nordisk Ministerråd i Norway House i Brussel.
  • Arbeidet har gått føre sidan 2014 og har involvert rundt 40 ekspertar frå ei rekkje land, inkludert åtte ekspertar frå Noreg.

Ein av konklusjonane i rapporten er at mykje av luftforureininga i mange byar skuldast utslepp i andre område. For eksempel bidreg internasjonale og nasjonale utslepp til meir enn dobbelt så mykje av den gjennomsnittlege luftforureininga i tyske byar enn utslepp som skjer i den einskilde byen.

Også viktig for Noreg

Dette gjeld i mindre grad for Noreg, som ligg lengre unna dei største regionale utsleppskjeldene enn landa på kontinentet. På årsbasis kan likevel langtransportert forureining bidra til rundt 1/3 av svevestøvkonsentrasjonane i ein typisk norsk by.  Det langtransporterte bidraget er stort nok til å ha skadelege effektar på helse og miljø også i Noreg.

Politikken har gitt resultat

Luftkonvensjonen

  • Fullt namn: Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining
  • Ein regional bindande avtale som regulerer landa sine utslepp av langtransportert, grenseoverskridande luftforureining som svovel, nitrogenoksid, svevestøv og kjemikal.
  • Konvensjonen skal verne menneske og miljø mot luftforureining. Den skal avgrense, gradvis redusere og førebyggje langtransportert, grensekryssande luftforureining. Avtalen dekkjer Europa, Nord Amerika, Kaukasus og Sentral-Asia, og trødde i kraft i 1983.

Rapporten slår fast at luftkonvensjonen har ført til store helse- og miljøforbetringar etter at den trødde i kraft i 1983. Tiltaka har blant anna gitt den gjennomsnittlege europearen eitt år lengre forventa levealder, og svovelutsleppa er reduserte med 80 prosent sidan 1990. Utslepp av nitrogenoksid er halvert i same periode, og svevestøvutsleppa gjekk ned med over 30 prosent frå 2000 til 2012. Dette har også ført til mindre skadar på naturen. I Noreg er område som tek imot meir sur nedbør enn naturen toler redusert frå 29 prosent av arealet rundt 1980 til 8 prosent av arealet i 2010. Konvensjonen har også vore viktig for å redusere utsleppa av miljøgifter.

Framleis store problem

Det er framleis store helse- og miljøskadar frå luftforureining på den nordlege halvkula. Ifølgje rapporten er det årleg 576 000 for tidlege dødsfall som skuldast luftforureining innanfor det geografiske området som rapporten omtaler. Og trass i at livet kjem tilbake i elvar og vatn som tidlegare var kraftig forsura, tek imot mange område framleis miljøskadelege mengder sur nedbør. Nitrogenet i den sure nedbøren, som i likskap med svovel stammar frå forbrenning av fossilt brennstoff, fører også til overgjødsling og redusert biologisk mangfald i mange økosystem.

Internasjonalt samarbeid må styrkjast

I følgje rapporten må det internasjonalen samarbeidet styrkjast for å løyse dei utfordringane som står att  effektivt. Eit viktig skritt vil vere å få ratifisert den reviderte Gøteborgprotokollen frå 2012 kor eit av dei viktigaste måla var å få landa i Øst-Europa, Kaukasus og Sentral-Asia til å slutte seg til protokollen. Den reviderte protokollen set utsleppsmål som skal møtast innan 2020. Førebels har ikkje nok land ratifisert avtalen til at den skal tre i kraft.

Synergiar med klimatiltak

Ifølgje rapporten vil det vere klokt å gjennomføre fleire tiltak som reduserer både klimagassutslepp og luftforureining samtidig. Kjeldene er ofte dei same, for eksempel transport og industri. Lågare utslepp frå mange av desse kjeldene kan bidra til å redusere hastigheita på den globale oppvarminga, forbetre luftkvaliteten og førebyggje skade både på avlingar, natur og bygningar.

Billigare enn å betale for skadane

Tiltak som kan løyse problema er ifølgje rapporten som regel billigare enn å betale for helse- og miljøskadane frå luftforureining. For halvparten av dei europeiske landa utgjer helsekostnadene frå luftforureining meir enn 10 prosent av bruttonasjonalprodukt. Luftforureiningar har også konsekvensar for produktiviteten i økonomien som følgje av auka sjukefråvær. Ifølgje rapporten er prisen for tiltak i Europa som oppfyller den reviderte Gøteborgprotokollen mindre enn 0,01 prosent av Europas bruttonasjonalprodukt. Arbeidsplassar kan forsvinne i nokre sektorar, men vil auke i andre. 

Relaterte lenker

KONTAKT

Sjefingeniør Gunnar Skotte, seksjon for miljøovervaking og kartlegging, telefon 41127637

Rådgivar Sigmund Guttu, seksjon for transport og energi, telefon 45267143

 

Tema