UV-stoff som høyrer til stoffgruppa benzotriazolar, blir brukt for å verne materialar mot stråling frå sola.
Stoffa er svært lite nedbrytbare og vanskelege å bli kvitt når dei fyrst har kome ut i miljøet.
– Dei kan vere giftige og hopar seg opp i dyr. Dei er funne i morsmjølk og vi finn dei stadig fleire stader i naturen. Miljødirektoratets overvaking har påvist benzotriazolar i torskelever og reker i Oslofjorden og i botnprøvar frå Mjøsa. Der skal dei ikkje vere. Derfor ønskjer vi desse stoffa på prioritetslista, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Trussel mot helse og miljø
Når eit stoff hamnar på den nasjonale prioritetslista for miljøgifter, populært kalla verstinglista, blir det rekna som ein alvorleg trussel mot helse og miljø (sjå eigen faktaboks).
Lista tel i dag over 30 stoff og stoffgrupper. Målet er at utsleppa skal reduserast kontinuerleg med mål om stans innan 2020.
Miljødirektoratet foreslår også å føre opp fleire organiske tinnsamanbindingar på lista: Dibutyltinnforbindelsar (DBT), og dioktyltinnforbindelsar (DOT). Bak dei vanskelege namna skjuler det seg ei rekkje verstingstoff.
Giftig
DBT og DOT er samlesekker for ein type forbindelsar som blant anna blir brukt i lim, måling og plastprodukt.
Stoffa har liknande helse- og miljøskadelege effektar som den meir kjende søsterstoffgruppa TBT, som allereie er ført opp på verstinglista. TBT blei tidlegare brukt i botnstoff på skip og i treimpregneringsmidlar, men er no forboden.
– DBT og DOT kan skade immunforsvaret hos menneske og dyr, stoffa kan vere hormonforstyrrande og skadelege for reproduksjonen, og dei lèt seg ikkje bryte lett ned. Dei kan vere giftige for vasslevande organismar, og vi har blant anna funne dei i blåskjel, purpursnigel og strandsnigel. Det er altså ingen tvil om at vi ønskjer å bli kvitt dei, seier Hambro.
Kan føre til åtferdsendringar
Den siste verstingkandidaten i denne omgangen er nok ein tungekrøllar.
Perfluorheksansulfonsyrer (PFHXS) er brukte i brannskum, måling, teppe, tekstilar, impregneringsmidlar, elektronikk og slippbelegg på kokekar.
PFHXS er funne i miljøet i ei rekkje artar som polartorsk, polarmåse, ringsel og isbjørn. Stoffa blir mistenkte for å forstyrre hormonbalansen, og dyreforsøk har vist at dei kan føre til åtferdsendringar.
PFHXS er i likskap med PFOS - eit anna perfluorert stoff på verstinglista - svært vanskeleg å bli kvitt i miljøet.
– I tillegg viser studiar på menneske at PFHXS er svært vanskeleg å blir kvitt når vi fyrst har fått stoffet inn i kroppen. Halveringstida er på heile åtte år. Det er også funne i morsmjølk og kan overførast til fosteret. Alt dette meiner vi kvalifiserer til ein soleklar plass på verstinglista, seier Hambro.
– Vi meiner desse tre stoffgruppene er så skadelege at vi ber Klima- og miljødepartementet (KLD) om å ta dei inn på prioritetslista, avsluttar miljødirektøren.