Miljødirektoratet gjennomfører ekstraordinære uttak av jerv i visse område. Foto: Stein Ø. Nilsen

Ekstraordinære uttak av jerv våren 2017

I tråd med Stortinget sitt rovviltforlik gjennomfører Miljødirektoratet ekstraordinære uttak av jerv i visse område denne våren. Målet er å redusere jerveskadar på sau og tamrein. Så langt i år er 16 jervar felt i ekstraordinære uttak.

Felling av jerv

  • Lisensfelling: Skademotivert felling av eit avgrensa tal individ av ein viltart, med heimel i viltloven § 12. Kvoten er fastsett av offentlig myndigheit, og det er krav om at jeger er registrert som lisensjeger i Jegerregisteret for å kunne delta.
  • Skadefelling: Skademotivert felling av enkeltindivid av gaupe, jerv, bjørn eller ulv for å stanse eller forhindre skader på bufe eller tamrein med heimel i naturmangfoldloven § 18, punkt b.

Tabellen lenger nede i saka vert oppdatert etter kvart som ein gjer nye uttak. Følg Miljødirektoratet sin twitterkonto for varsel om nye uttak. Vi bruker emneknaggen #rovvilt.

Bestanden av jerv vert hovudsakleg regulert gjennom lisensfelling. Lisensfellingsperioden varer fram til 15. februar. Under siste lisensfellingsperioden vart 69 jervar felt av ein samla kvote på 113.

- I ein del område fungerer lisensfelling som eit effektivt verkemiddel for å regulere jervebestanden. Men det er framleis område der lisensfellinga ikkje er tilstrekkeleg målretta og der det var mykje skader på sau og tamrein i 2016, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Følgjer bestandsovervakinga nøye

I løpet av våren undersøker Miljødirektoratet sitt feltapparat Statens naturoppsyn (SNO) både kjente og nye hi-område for jerv over heile landet. Der det vert påvist ungekull vurderer Miljødirektoratet om tispe og kvalpar skal takast ut.

– Miljødirektoratet vurderer behovet for uttak etter kvart som vi utover våren får oppdatert kunnskap om bestanden. Vurderingane vert gjort i samråd med rovviltnemndene, seier Hambro.

Behovet for uttak vert først og fremst vurdert ut frå skadepotensialet på beitedyr. Område der sau og tamrein var særleg utsett i 2016 blir prioritert ved uttak.

De siste ti åra har det vore ein nedgang i tap av sau, og i 2016 var det historisk lave tap til rovvilt (lenke). Tap av rein var òg lågare enn dei to føregåande åra.

Ekstraordinære uttak vert gjennomført av Statens naturoppsyn (SNO) i tråd med instruks for det statlege fellingslaget ved uttak av vilt.

Miljødirektoratet sine vedtak om ekstraordinære uttak er å finne i Miljøvedtaksregisteret.

Oversikt uttak

 Dato felt  Region  Fylke  Kommune  Merknad
 31.01  8  Finnmark  Karasjok  Hann
 31.01  5  Hedmark  Os i Hedmark  Hann
 01.02  8  Finnmark  Porsanger  Tispe
 01.02  8  Finnmark  Porsanger  Tispe
 01.02  6  Nord-Trøndelag  Snåsa  Hann
 03.02  8  Finnmark  Porsanger  Tispe
 07.02  3  Oppland  Øyer  Tispe
 08.02  8  Finnmark  Tana  Hann
 08.02  8  Finnmark  Kautokeino  Hann
 09.02  8  Finnmark  Karasjok  Hann
 03.03  7  Nordland  Saltdal  Hann
 03.03  7  Nordland  Saltdal  Hann
 07.03  8  Finnmark  Porsanger  Tispe
 08.03  3  Oppland  Sør-Fron  Hann
 08.03  5  Hedmark  Tynset  Hann
 08.03  5  Hedmark  Tynset  Tispe

Kontakt

rådgiver Geir Rune Rauset, viltseksjonen
telefon: 911 19 327

Tjenester og verktøy

Tema