Årleg skjer det utslepp og lekkasjar frå tankanlegg som forureinar og skader miljøet. Foto:Miljødirektoratet

Mange tankanlegg følgjer ikkje miljøkrav

Ein landsomfattande tilsynsaksjon av tankanlegg viser brot på regelverket ved alle dei kontrollerte anlegga. Det betyr at det er fare for utslepp og forureining frå slike tankverksemder.

Krav til tanklagring

Føresegnene i forskrifta om tanklagring har til føremål både å førebyggje at utslepp skjer og redusere skadeverknadene dersom uhell skjer.

Krava gjeld både lagring, lasting, lossing og handtering av farlege kjemikal og farleg avfall.

Verksemdene skal iverksetje fleire tryggingstiltak for å førebyggje akutte utslepp.

Det skal også gjennomførast årlege vernebuingsøvingar.

Ein vurderer at det er omlag 34 000 tankar med olje, kjemikal eller farleg avfall hos bedrifter i Noreg. Årleg skjer det utslepp og lekkasjar frå tankanlegg som forureinar og skader miljøet. Opp gjennom åra har det også vore hendingar kor utsleppa har vore omfattande.

I 2014 blei reglane for slike verksemder skjerpte i den nye forskrifta om tanklagring. Her er det blant anna innført krav til gode system som skal redusere risikoen for utslepp frå anlegga. Dette gjeld blant anna å sørgje for godt vedlikehald av tankar, røyr og utstyr, og å ha god vernebuing for å kunne redusere negativ påverknad på ytre miljø dersom eventuelle utslepp skulle skje.

Tilsyn i 15 fylke

Miljødirektoratet og Fylkesmannen gjennomførde tilsyn hos 67 tankanlegg i heile landet for å kontrollere om det nye regelverket blir følgt. Tilsyna dekte både store industrianlegg som har tankanlegg for lagring av farlege kjemikal og farleg avfall, og verksemder kor det primært er tanklagring av petroleumsprodukt.

Resultata viser at omlag 80 prosent av dei kontrollerte verksemdene har for dårleg førebyggjande vedlikehald.

Over 70 prosent av verksemdene hadde manglar ved miljørisikovurdering av tankanlegga sine. Det inneber at dei ikkje har god nok oversikt over den utsleppsfaren som anlegga utgjer, og at det ikkje er sett i verk tilstrekkelege tiltak for å redusere denne faren.

-      Det er nedslåande at så mange av verksemdene ikkje har gjennomførd tiltak for å sikre seg mot eventuelle utslepp. Det betyr at faren for utslepp hos desse verksemdene er for høg. Dei pliktar å rette brota som blei avdekte i denne kontrollen, seier seksjonssjef i Miljødirektoratet, Einar Knutsen.

Rettleiing og nye tilsyn

Det blei avdekt brot på krava ved alle tilsyn. Dette kan delvis forklarast med at tankforskrifta er relativ ny, at mange av verksemdene framleis er i ein implementeringsfase og at krava som skal innførast, har eit visst omfang. 

Miljøforvaltningane har laga ein rettleiar som skal hjelpe verksemdene med å implementere forskrifta, og vi vil følgje opp med nye tilsyn av tanklagring i tida framover.

Relaterte lenker

Kontakt

sjefingeniør Bent Bolstad
tilsyns-og miljødataavdeling
telefon 948 742 08 

Tema