244 individ er funne under årets teljing av moskus. Inntil 15 dyr kan felles i løpet av året. Foto: Arne Johs. Mortensen, Statens naturoppsyn

Kan felle inntil 15 moskus

Talet på moskus på Dovrefjell ligg over bestandsmålet. 244 individ er funne under årets teljing, og Miljødirektoratet har vedteke at inntil 15 dyr kan felles i løpet av året, for å hindre konfliktar mellom menneske og moskus.

Moskus

Moskus blir rekna som ein introdusert art i Noreg, og det blei sette ut moskus frå Grønland i Dovrefjell-området i perioden 1947 til 1953.

Det er aksept for å ha ein bestand, fordi den ikkje ser ut til å medføre ulemper for stadbundne artar i området.

Bestanden blir forvalta i samsvar med ein forvaltingsplan, og i samsvar med planen skal det gjennomførast ei årleg teljing.

Miljødirektoratet sitt feltpersonell i Statens naturoppsyn (SNO) er ansvarleg for å gjennomføre tiltaka forvaltinga ønskjer utført. I tillegg til jobben SNO-tilsette gjer i felt, blir tenester kjøpte frå fjellstyra i Dovre og i Lesja, samt Oppdal Bygdealmenning.

Forvaltingsplanen for moskus har eit delmål om at vinterbestanden ikkje bør overstige 200 individ. Kjerneområdet for moskus ligg i kommunane Oppdal, Dovre og Lesja, og då planen blei revidert i fjor støtta kommunane dette målet.

I år er det registrert minimum 244 moskus på Dovrefjell, mens det i fjor blei funne 249 individ.

Ifølgje den reviderte forvaltingsplanen skal ein ta vare på moskusen innanfor eit kjerneområde på 340 kvadratkilometer.

Vil hindre konfliktar

Vedtaket om å felle inntil 15 moskus blei gjord etter råd frå fylkesmennene i Trøndelag og Oppland. Målet er å redusere konfliktar mellom menneske og moskus. Sju av dyra vedtaket omfatter, fire kyr og tre kalvar, blei felt 9. april. Det skjedde i Vålåsjøhø sør for Hjerkinn i Dovre kommune, nær eit hytteområde kor det ofte oppstår konfliktar. Veterinærinstituttet var for øvrig med under fellinga.

– Det er snakk om å felle dyr som utgjer ein trussel mot menneske og allmenn ferdsel. Uttaket skal primært rettast mot mindre grupper av dyr og enkeltindivid som oppheld seg utanfor kjerneområdet, og i dei delane av kjerneområdet kor faren for konflikt med menneske er aller størst, seier avdelingsdirektør Yngve Svarte i Miljødirektoratet.

Direktoratet sitt feltpersonell i Statens naturoppsyn (SNO) vil vere ansvarlege for fellinga. 

109 kyr og 55 oksar

SNO gjennomførde også årets teljing 3. og 6. april, i samarbeid med Oppdal Bygdealmenning, Lesja Fjellstyre og Dovre Fjellstyre. Formålet er å få ei oversikt over talet på dyr i stamma, og korleis den er fordelt på kyr, oksar og kalvar (født 2017).

I år blei det funne i alt 244 dyr, 166 av dei i Oppdal, 66 i Dovre og 12 i Lesja. Det dreia seg om minst 55 vaksne oksar, 109 vaksne kyr og 37 kalvar. Resten av dyra er to- og treåringar, kor kjønn ikkje er fastslått under tellinga.

– Før kalving i 2018 er det minst 120 potensielt kjønnsmodne kyr i bestanden. Det vil truleg gi ein tilvekst av kalv på rundt 70, og følgjeleg litt over 300 dyr i bestanden etter kalving. Ut frå registreringane dei siste åra, trur vi at ein del kalv vil døy av lungebetennelse på seinsommaren og hausten, seier seniorrådgjevar Tord Bretten i SNO.

Relaterte lenker

Kontakt

seniorrådgjevar Erik Lund
viltseksjonen
telefon: 920 89 834

seksjonsleiar Kjartan Knutsen, Statens naturoppsyn
telefon: 958 20 521

Tema