Ekstraordinære uttak av jerv våren 2018
Hannjerv avlivet i Sogn og Fjordane 17. april i 2015. Jerven ble først bedøvet for å være sikker på at det ikke var ei tispe med unger. Foto: Statens naturoppsyn/Miljødirektoratet

Ekstraordinære uttak av jerv våren 2018

I samsvar med Stortinget sitt rovviltforlik gjennomførte Miljødirektoratet ekstraordinære uttak av jerv i visse område i løpet av våren. Målet er å redusere jerveskadar på sau og tamrein. Totalt ble 20 jervar felt. Det ble gjort tre hiuttak.

Felling av jerv

Lisensfelling: Felling av eit bestemt tal individ av ein viltart med heimel i naturmangfaldlova § 18 fyrste ledd b) og c), der kvoten er fastsett av offentleg styresmakt og det blir kravd at jegeren er registrert som lisensjeger i Jegerregisteret for å kunne delta.

Skadefelling: Skademotivert felling av enkeltindivid av gaupe, jerv, bjørn eller ulv for å stoppa eller hindre skadar på bufe eller tamrein med heimel i naturmangfaldlova § 18, punkt b.

Ekstraordinære uttak: Skadefelling etter vedtak frå Miljødirektoratet.

Bestanden av jerv vert hovudsakleg regulert gjennom lisensfelling. Lisensfellingsperioden varer fram til 15. februar. Under siste lisensfellingsperioden vart 40 jervar felt av ein samla kvote på 113.

- I ein del område fungerer lisensfelling som eit effektivt verkemiddel for å regulere jervebestanden. Men det er framleis område der lisensfellinga ikkje er tilstrekkeleg målretta og der det var skadar på sau og tamrein i 2017, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Følgjer bestandsovervakinga nøye

I løpet av våren undersøker Miljødirektoratet sitt feltapparat Statens naturoppsyn (SNO) både kjende og nye hi-område for jerv over heile landet. Der det vert påvist ungekull vurderer Miljødirektoratet om tispe og kvalpar skal takast ut.

Behovet for uttak vert først og fremst vurdert ut frå skadepotensialet på beitedyr. Område der sau og tamrein var særleg utsett i 2017 blir prioritert ved uttak.

Dei siste ti åra har det vore ein nedgang i tap av sau, og dei to siste åra var det historisk låge tap til rovvilt. Erstatta tamrein til rovvilt var og rekordlågt i 2016/2017.

Ei nedgang i bestanden gjer at vi i år må vere meir restriktive for å ikkje komme under Stortinget sitt bestandsmål. Les meir om dette her.

Ekstraordinære uttak vert gjennomført av Statens naturoppsyn (SNO) i tråd med instruks for det statlege fellingslaget ved uttak av vilt.

Miljødirektoratet sine vedtak om ekstraordinære uttak finnast i Miljøvedtaksregisteret. Her kan du og abonnere på varsel om nye vedtak. (lenke)

Dato felt

Region

Fylke

Kommune

Merknad

31.01

8

Finnmark

Karasjok

tispe

02.02

8

Finnmark

Porsanger

hann

05.02

3

Oppland

Nord-Fron

hann

13.02

6

Trøndelag

Høylandet

tispe

13.02

6

Trøndelag

Namsskogan

tispe

03.03

8

Finnmark

Porsanger

hann

04.03

8

Finnmark

Karasjok

hann

07.03

8

Finnmark

Båtsfjord

hann

20.03

8

Finnmark

Tana

tispe

20.03

8

Finnmark

Nesseby

tispe

11.04

1

Sogn og Fjordane

Luster

hann

19.04

2

Telemark

Vinje

hann

21.04

5

Hedmark

Engerdal

hiuttak, tispe og to valper

27.04

6

Trøndelag

Høylandet

hiuttak, en valp

29.04

1

Sogn og Fjordane

Luster

hann

29.04

1

Rogaland

Suldal

hiuttak, tispe og to valper

Enkelte skadefellinger blir gjennomført etter vedtak av fylkesmennene fram til 15. februar, og de går ikke inn i denne oversikten.

Relaterte lenker

Tema