Kveite er ein kornsort det vil være mogleg å genmodifisere. Foto: iStock/Iakov Kalinin

Rettleier om kost-nytte ved GMO

Kva er gevinsten og kostnaden ved å godkjenne ein genmodifisert organisme (GMO) i Noreg? Ein ny rapport frå Bioteknologirådet til Miljødirektoratet skal hjelpe til å vurdere samfunnsnytten.

Vurdering av GMO

Genteknologilova av 1993, regulerer all framstilling og bruk av genmodifiserte organismar til utsetjing i miljøet. All utsetjing av GMO skal søkjast godkjent.

Gjennom EØS avtalen er Noreg tilslutta EU si godkjenningsordning for GMO (utsetjingsdirektivet).

Alle søknader om utsetjing som er behandla i Noreg er motteke gjennom EU-systemet.

GMO-ar som er godkjent under utsetjingsdirektivet i EU er automatisk godkjent i Noreg, men  EØS-avtalen opnar for særnorske forbod etter avgjerdene i genteknologilova.

Bioteknologirådet er ansvarleg for vurderinga av berekraft, samfunnsnytte og etikk i søknader. VKM er ansvarlig for helse- og miljørisikovurdering. Basert på desse uavhengige vurderingane blir det gjort risikohandtering.

Mattilsynet er ansvarleg for handtering av helserisiko og landbruksfaglege vurderingar.

Miljødirektoratet er ansvarleg for miljørisikohandtering og koordinerer søknadsbehandling, lyser ut søknader på norsk allmenn høyring, og leverer ei sluttilråing om søknader til Klima- og miljødepartementet, baserte på alle genteknologilova sine kriterium.

Glutenfrie kornprodukt, eple som ikkje blir brune og poteter som lager mindre uønskt stoff. Det er eksempel på kva som er mogeleg å gjere ved hjelp av genmodifisering. Spørsmålet er korleis vi vurderer samfunnsnytten ved å endre arvematerialet opp mot kostnadene.

Rapporten "Samfunnsnytte og genmodifiserte organismar", som Bioteknologirådet har utarbeidd på oppdrag frå Miljødirektoratet, er eit steg på vegen for å finne svar. Etter lova er samfunnsnytte eit kriterium som skal vurderast ved behandling av GMO-søknader. 

Frå kanon til pinsett

Verda står føre eit GMO-skifte. Dei klassiske GMO-ane er ferd med å bli avleggs. Det opnar både for moglegheiter og dilemma. 

–  Nye teknikkar gjer det mogeleg å foreta små og svært nøyaktige endringar i arvematerialet til ein organisme, med stor effekt. Det blir som å bruke pinsett i staden for kanon, seier miljødirektør Ellen Hambro. 

Slike spesifikke endringar kan for eksempel gjerast med korn, så  glutenallergikarar ikkje lenger reagerer på mjølet. Å redigere genane i eple kan hindre at dei blir brune. Det aukar livslengda til kutta frukt i butikken og  kan redusere matsvinn. Potet som blir varma til høg temperatur lagar eit stoff som heiter akrylamid. Dette stoffet kan ha ein kreftframkallande effekt. Ein genredigert potet  som har fått endra genane, slik at poteten lagar mindre av dette stoffet når den vert varma, kan ein no få kjøpt i USA. Det same gjeld eple som ikkje vert brune. 

Må sjåast i større samanheng

Mais, soya, raps og bomull er dagens fire store GMO-ar på verdsmarknaden. Dette er landbruksprodukt som er modifiserte for å gi gevinst for produsentane, men ingen av dei er særleg aktuelle å produsere i Noreg. Nye, genredigerte organismar, som potet resistent mot tørråte og kveite resistent for mjøldogg, kan derimot vere aktuelle å ta i bruk for norske bønder. 

Isolert sett kan kvar enkelt av desse eksemplane verke som framsteg, men det er nødvendig å sette dei inn i en større samanheng. Det gjeld både samfunnsnytte og dei andre kriteria som blir vurderte for GMO-søknader under genteknologilova. Korleis vil det for eksempel innverke på de økologiske systema i det heile om vi introduserer eigenskaper som gjer at utviklinga går raskare enn naturleg? 

Samfunnsnytte er et av fem

Samfunnsnytte er et av fem likestilte kriterier som blir vurderte for GMO-søknader under genteknologilova. Dei andre er risiko for helse og miljø, bærekraft og etikk.

 – Å vurdere samfunnsnytte er viktig i alle miljøsakene våre. Vi arbeider for at vurderingane våre skal vere opne og mogleg å etterprøve  , enten det gjeld tiltak mot forureining, klima eller godkjenning av GMO. Derfor er det nå viktig å få eit forslag til ein heilskapleg metode for å gjere vurderingar om samfunnsnytte knytt til GMO, seier Hambro.

Relaterte lenker

Kontakt

seksjonsleier Bjarte Rambjør Heide
artsseksjonen
telefon: 404 54 374

seniorrådgjevar Kine Rautio Øverland
artsseksjonen
telefon: 902 39 027

Tema