Snøskuter-førarar kan få gebyr framfor bot
Snøskuterkontroll på Stråsjøen, ein av vegene til Skarvann og Roltdalen nasjonalpark. Grensa for kva brot som fører til gebyr er satt relativt lågt, og storleiken på gebyra er anten 500 kroner eller 3000 kroner. Foto: Marit Hellan.

Snøskuter-førarar kan få gebyr framfor bot

Statens naturoppsyn (SNO) har no høve til å gje gebyr til førarar av snøskuter som bryt lova. Føremålet er å kunne løyse mindre alvorlege brot utan at saka vert meldt til politiet.

Desse brota kan føre til at snøskuter-førar får gebyr

Ikkje vise gyldig førarkort når ein blir spurt om det.

Ikkje vise løyve som ein pliktar å ha med, når ein blir spurt om det.

Ikkje vise fram utfylt køyrebok, når ein blir spurt om det, og det er krav om bruk av køyrebok i løyvet.

Køyring til tider på døgnet – eller på helgedagar, helligdagar og liknande – der vilkåra, eller kommunale forskrifter, seier at det ikkje er lov å køyre.

Køyring i løype til tider på døgnet eller på dagar (som helgedagar og helligdagar) der køyring er forbode etter kommunal forskrift etter motorferdsellova § 4a.

Køyring i strid med regler i kommunale forskrifter etter forskrift om bruk av motorkøyretøy i utmark § 4a som fortel kvar ein kan køyre i område der det er gitt løyve til å raste.

Då Lov om motorferdsel i utmark vart endra i 2015, fekk Miljødirektoratet sitt feltorgan SNO heimel til å gje førar av snøskuter gebyr ved visse lovbrot.

Ei ny forskrift fortel kva brot det gjeld, og heimelen er no teken i bruk av SNO.

Løysing utan politi

– Føremålet med det nye verkemidlet er å løyse enkle og mindre alvorlege saker utan å melde til politiet. På denne måten vil ein bidra til at regelverket vert følgd, og at det er kort veg frå ein oppdagar forholdet og det følgjast opp med ein reaksjon, seier direktør Pål Prestrud i SNO.

Gebyr blir i utgangspunktet gitt på staden. Det er aktuelt å gje gebyr både for lovbrot som fram til no er straffa med førelegg, og for mindre lovbrot (misferd) som er handtert ved å informere om regelverket.

Alvorlege lovbrot vil som tidlegare bli meldt til politiet.

Frå 500 til 3000 kroner

Strafferettslege reaksjonar, hovudsakeleg i form av førelegg, skal framleis vere hovudregelen.

Grensa for kva brot som fører til gebyr er satt relativt lågt, og storleiken på gebyra er anten 500 kroner eller 3000 kroner.

Sett deg inn i reglane

– Vi håper og trur at innføringa av overtredelsesgebyret kan bidra til å hindre ei auke i ulovleg køyring, og at det å ilegge gebyr kan supplere dei verkemidla som vert bruk i dag. Uansett råder vi alle som planlegg å bruke snøskuter om å sette seg inn i kva lover og reglar som gjeld, seier Pål Prestrud.

SNO vil vere tilstades i terrenget i vinter, også i helger, ferier og på godvêrsdagar, og samarbeider med politiet om kontrollane. Det gjer at både fleksibiliteten og kapasiteten blir større. Siktemålet er ikkje å ta flest mogleg, men å folk til å følgje reglane som gjeld for å køyre snøskuter.

Ta vare på naturen og vis omsyn til turgåarar

For at skog og fjell skal vere mest  mogleg fri for støy, uroing og påførte skader på plante- og dyrelivet, har vi et regelverk som regulerer motorferdsel i utmark. Regelverket har òg til føremål å ta omsyn til turgåarar.

Hovedregelen i motorferdsellova er at motorferdsel i utmark er forbode. Unnataka er køyring som ligg under unntaksparagrafane i lova eller der det er gitt løyve.

Kontakt

seksjonsleder Kari Kveseth
Statens naturoppsyn
telefon:907 05 729

Tema