No kan kommunar med ulverevir søkje om midlar

No kan kommunar med ulverevir søkje om midlar

Miljødirektoratet har opna for innsending av søknader om stønad til kommunar med ulverevir. Søknadsfrist er 1. september 2018.

Regjeringa lanserte 6. juli 2017 ei ny stønadsordning til kommunar med ulverevir. I 2018 er det sett av 20 millionar kroner til ordninga.

Formålet er å bidra til konfliktdemping i kommunar som har ein fast bestand av ulv. Ordninga gjeld for kommunar i Hedmark, Akershus og Østfold som har eitt eller fleire ulverevir. Pengane vil bli fordelte likt mellom kommunane som sender inn søknad innan fristen. Dei kommunar som kan søke er basert på Rovdatas informasjon om revir i endeleg bestandsrapport som blir presentert 1. juni kvart år.

Tilskotsregelverket trådte i kraft 1. juli 2017.

Aktuelle kommunar som kan søkje via Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter i 2018 er: Engerdal, Rendalen, Stor-Elvdal, Åmot, Trysil, Elverum, Våler (Hedmark), Åsnes, Grue, Kongsvinger, Eidskog, Sør-Odal, Nes, Aurskog-Høland, Lørenskog, Rælingen, Enebakk, Rømskog, Hobøl, Spydeberg, Våler (Østfold), Sarpsborg og Halden.

Gå til elektronisk søknadssenter.

Søknadsfrist er sett til 1. september 2018, og tildeling vil skje kort tid etter dette.

Kontakt

rådgiver Ole Roar Davidsen, viltseksjonen
telefon: 959 27 796

Tema