Haustingsskogane har tidlegare mellom anna vorte styva til husdyrfôr

Viktige leveområde blir utvalde naturtypar

Dei hardt pressa naturtypane ålegraseng og haustingsskog kan bli betre sikra mot øydelegging.

Direktoratet for naturforvaltning tilrår at naturtypane ålegraseng og haustingsskog får status som utvalde naturtypar med eigne handlingsplanar etter naturmangfaldlova. Dette inneber at det skal takast særskild omsyn til førekomstar av naturtypane i forvaltning etter plan- og bygningsloven og anna regelverk, slik at ein unngår tiltak og inngrep som skadar miljøverdiane eller reduserer utbreiinga av naturtypen. Med status som utvald naturtype følgjer ei tilskotsordning som skal gå til skjøtsel eller andre tiltak.

Tapar i strandsona

Ålegrasenger består av ålegras som dannar undervassenger på sand og mudderbotn i grunne område. Dei finst langs heile kysten vår, og er eit viktig habitat for eit mangfald av planter og dyr. Ålegrasengene har mange viktige funksjonar i økosystemet, og er særleg viktige som oppvekstområde for yngel av torsk.

Ålegraseng er ein naturtype som går kraftig tilbake på verdsbasis, og det er internasjonale plikter knytt til naturtypen. I Noreg er nedbygging av strandsona, med utfylling og mudring, det største trugsmålet mot ålegrasengene.

DN tilrår at forskrifta i første omgang skal gjelde for dei fylka som er kartlagde; dette er Østfold, Akershus, Oslo, Buskerud, Vestfold, Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder, Hordaland, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Troms.

Særeigen skog

Haustingsskogane finn vi først og fremst i område med edellauvskog. Alm, ask, lind, selje, rogn og bjørk har tidlegare vorte styva til husdyrfôr, medan hasselskogane har vore stubbehausta som emne i tønnebandproduksjon.

Denne svært gamle driftsforma var vanleg over heile landet, men mest omfattande langs kysten frå sørvestlandet nordover til Nordmøre, og i delar av Agder og Telemark. Det er her vi finn flest haustingsskogar også i dag. Trea blir svært gamle og sterkt forma av haustinga, og haustingsskogane er derfor særeigne og stabile leveområde for mange artar, mellom anna sjeldne soppar, lavar og virvellause dyr. Verdifull tradisjonell kunnskap er også knytt til denne forma for naturbruk og ressursutnytting.

Der haustinga har teke slutt, gror haustingsskogane att, blir planta til med barskog eller areala bruka til andre formål. Haustingsskogane blir derfor sjeldnare og sjeldnare i Noreg.

Nye handlingsplanar

Forslaget om å gjere naturtypane til utvalde var på høyring sommaren 2012. Av 44 høyringssvar, støttar dei fleste forslaget. Høyringspartane er mellom anna opptekne av at informasjon om kvar naturtypane finst må haldast godt oppdatert, og gjerast kjent for kommunar og grunneigarar. Informasjon om lokalitetar med naturtypane finst i Naturbase

Handlingsplanane som no er laga for dei to naturtypane set opp mål og tiltak for korleis ein skal ta vare på naturtypane. Handlingsplanen for haustingsskog har som mål at det innan 2017 skal vere skjøtsel av 1/3 av dei mest verdifulle haustingsskogane i Norge. Miljøforvaltninga ønskjer å samarbeide med grunneigarar og andre om praktisk skjøtsel av haustingsskogane, og tilskotsordninga er ein viktig reiskap for å få sett i verk avtalar og kome i gang med skjøtsel.

Forskrift om utvalde naturtypar blir endeleg fastsett med vedtak i Statsråd.

Relaterte lenker

Tema