Årsoppdatering av produktopplysningar for 2007

Fristen for innsending av årsoppdateringa for 2007 er 4. februar 2008.

Årets endringar går fram av oppdateringsrettleiing og brevet, men vi gjer spesielt merksam på:

  • Endringar i retningslinjene for kven som skal melde vernebehovet på informasjonane i Produktregisteret. All nye deklarasjon skal pr. 1/1-08 oppgi vernebehov. Dette gjeld også reinnmelding av gamle deklarasjonar.
  • Produkt(er) merkt BEH Det vil seie at produktet(a) ikkje er tilfredsstillande deklarert. Produktregisteret forventar at manglande opplysningar blir sende inn snarast.
  • Dersom deklarasjonsansvarleg firma blir endra frå norsk firma til utanlandsk EØS-firma, må kundeliste påførast.

For firma som bruker eDeklarering, og som dermed gjer årsoppdateringa elektronisk kjem i tillegg:

  • For nye produkt kan samansetjingar takast med i årsinnmelding, men endring i gamle produkt må meldast som vanleg deklarasjoninnsending.

For spørsmål om utfyllinga eller om krav til deklarering, ta kontakt med Produktregisteret eller sjå den generelle rettleiinga vår.

For nærmare informasjon om merkeforskrifta og biocidforskrifta, kontakt SFT eller sjå www.sft.no. For nærmare informasjon om forskrift om plantevernmiddel kontakt Mattilsynet eller sjå www.mattilsynet.no

 

Tema