Pass på når du kjøper julegåver til barna!

Leiker i norske butikkar skal i utgangspunktet vere tryggje å kjøpe. Det hender likevel at leiker inneheld stoff som ikkje er bra for dei minste.


Sårbare kropper: Det er viktig at du tek førehandsreglar før du kjøper julegåver til barna. Utvalet er stort. Foto: Marion Haslien.

Generelle råd og tips

  • Per i dag finst det ikkje mange leiker med miljømerka Svanen og Blomen. Her er nokre råd og tips du kan ta med deg når du skal ut og handle:
  • Sjekk at leiken er CE-merka. Dette er inga godkjenning, men garantien frå produsenten for at leiken overheld EU sine krav. Alle leiker skal vere CE-merka.
  • Ikkje kjøp leiker som luktar sterkt av kjemikal eller parfyme.
  • Sjekk om leiketøyet kan vaskast, og vask eller tørk av nye leiker før du tek dei i bruk – spesielt tøyleiker og/eller leiker som småbarn puttar i munnen.
  • Ikkje kjøp leiker av gateseljarar. Her har myndigheitene lita oversikt. Det er større sjanse for at dei inneheld farlege stoff og at dei er av dårleg kvalitet.
  • Unngå å kjøpe leiker av dårleg kvalitet eller kopiprodukt. Desse går ofte fort sund, og skaper store avfallsmengder.
  • Elektriske eller elektroniske leiker (også leiker med batteri) skal leverast som EE-avfall. Alle leiketøysbutikkar som sel denne typen leiker, har plikt til å ta imot slikt avfall gratis.
Barn er mer utsatt for påvirkning av farlige stoffer enn voksne. Her er noen tips til hva du bør tenke igjennom før poden får sitt drømmeønske oppfylt.

Byggesett

  • Lim som blir brukt til modellbyggjesett, kan innehalde løysemiddel. Når organiske løysemiddel fordampar, kan dei føre til hovudpine og trøyttleik. Langvarig bruk kan føre til kroniske skadar.
  • Råd: Unngå produkt med organiske løysemiddel om du kan. Dersom ikkje: Sørg for god utluftning under bruk.

Tusj

  • Det er funne tusjar med det kreftframkallande løysemiddelet benzen i butikkar i Europa. Dette er forbode. Tusj kan også innehalde andre skadelege stoff.
  • Råd: Unngå at barn teiknar og målar på huda. Kjøp helst vassbaserte produkt

Modellérvoks

  • Omnsherdande modellérvoks kan innehalde ei rekkje problematiske stoff, blant anna ftalater som lek ut frå figurane når dei blir herda, eller ved at barna syg på figurane.
  • Tips: Unngåmodellérvoks som skal herdast i omnen. Trolldeig (1 del salt, 2 deler kveitemjøl, 1 del vann og 1 ss matolje) er eit godt alternativ.

Plastleiker

  • Mjuke plastleiker kan innehalde helseskadelege ftalater, klorparafinar, løysemiddel eller andre helseskadelege stoff. Klar hardplast kan innehalde verstingstoffet bisfenol A.
  • Råd: Sjå generelle råd og tips. Unngå produkt som er merka med 03 (PVC) eller 07 (kan vere laga av polykarbonat som inneheld bisfenol A). Det finst svanemerka plastleiker på marknaden

Sminke

  • Sminke kan innehalde verstingstoffa triklosan og muskxylen, og dessutan parfymestoff som kan framkalle allergi. Sminke kan også innehalde ulike typar paraben som er mistenkt for å kunne påverke hormonbalansen hos menneske og dyr. Naglelakk kan innehalde toluen som kan føre til fosterskadar og som dessutan kan vere irriterande.
  • Råd: Vel sminke som er CE-merka og spesielt berekna for barn. Ver nøye med å fjerne sminka etter bruk. Ikkje bruk naglelakk med toluen til barn. Sjå også generelle råd og tips.

Kva passar Klif på?

  • Leiketøy på det norske marknaden skal ikkje føre til helsefare for barn. Det er hovudkravet i den norske leiketøysforskrifta. Dei fleste leiker blir produsert i Asia til ein marknad med stor konkurranse, og ikkje alle produsentane er like seriøse eller har like god kontroll med råvarene sine.
  • Klif er på jamlege kontrollar både hos produsentar, importørar og forhandlarar for å sjå om leikene overheld krava. Men kontrollane er ikkje anna enn stikkprøvar, så det hender likevel at leiker inneheld helseskadelege stoff.

Elektriske og elektroniske leiker

  • Dei elektriske eller elektroniske delane i leiker kan innehalde helse- og miljøfarlege stoff, for eksempel verstingstoffa arsen og bromerte flammehemmarar. Desse stoffa vil i liten grad leke ut frå produktet under bruk, men kan sleppe ut i miljøet ved produksjon eller dersom ikkje produktet blir levert til forsvarleg avfallsbehandling etter bruk.
  • Råd: Elektriske og elektroniske leiker skal ikkje kastast saman med restavfallet, men skal inn leverast inn som EE-avfall (elektrisk og elektronisk avfall).

Klær og kostymer

  • Klede blir laga av mange forskjellige materiale og kan innehalde mange ulike helse- og miljøskadelege stoff. Kleda har som regel vore igjennom både farging og anna spesialbehandling som kan vere belastande for miljøet – både når kleda blir produserte og når dei endar som avfall.
  • Råd: Vel miljømerka produkt der det er mogeleg. Vask kleda før bruk, særleg klede som blir brukte rett på kroppen. Vasking vil redusere innhaldet av eventuelle helseskadelege stoff. Unngå å kjøpe klede med plasttrykk (sjå plastleiker). Unngå klede med lukt- og bakteriehemmande eigenskapar (som blant anna kan føre til resistente bakteriar).

Barn er meir utsett for påverknad frå farlege stoff enn vaksne. Her er nokre tips til kva du bør tenkje igjennom før poden får drøymeønsket sitt oppfylt.

Les mer på nettstedet Erdetfarlig

Tema