Kjemikalgebyr for 2010

Fristen for betaling av kjemikalgebyr for 2010 er 1. juni 2011.

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) vil minne om at det årlege kjemikalgebyret snart skal betalast inn av ansvarlege verksemder. Fakturaer med betalingsfrist 1. juni blir send ut i desse dagar.

For alle deklareringspliktige produkt skal det betalast eit årleg kjemikalgebyr for å dekkje myndigheitene sine kostnader knytte til kjemikalkontroll. Klif krev inn dette kjemikalgebyr på vegne av Arbeidstilsynet og Klif.

Gebyret blir berekna på grunnlag av talet på deklareringspliktige kjemikal i Produktregisteret, jamfør kapittel VI i forskrift om klassifisering, merking mv. av farlege kjemikal.

Tema