Industriparken på Raufoss ferdig rydda

Myndigheitene har teke ansvaret for å rydde opp i historisk forureining i Raufoss Industripark. Klif er godt fornøgd med at oppryddinga no er ferdig.

Miljøkrav innfridde i Raufoss Industripark

  • Området er rydda. Det er ikkje vidare spreiing av forureining.
  • Hunnselva har fått betre vasskvalitet. Fisken er tilbake.
  • Industriparken er i god stand. Viktig for næringsdrifta vidare.
  • Klif stiller framleis strengje miljøkrav til industriparken, blant anna må dei overvake at det ikkje skjer utleking til Hunnselva.
  • Utslepp frå dagens industri på området er regulert i eigne løyve.
Det har vore ulik aktivitet ved noverande Raufoss Industripark i Oppland i over 100 år. Då staten selde tomter og anlegg til industriparken i 2001, var området forureina som følgje av tidlegare tiders utslepp

Det var hovudsakleg oljesøl, lekkasjar av tungmetallhaldige kjemikal og tungmetallhaldig støv. Det blei også avdekt restar av sprengstoff i grunnen og avløpsnettet.

Ferdig rydda

Det blei fastsett miljømål for oppryddinga, som industriparken har vore ansvarleg for. Nærings- og handelsdepartementet har betalt oppryddinga. Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har sett miljøkrava.

Det har vore ei omfattande opprydding for at området kan brukast til næringsaktivitet utan at det blir spreitt forureiningar. Klif er godt fornøgd med at opprydjinga i i industriparken no er i mål. Det har blitt fjerna store mengder med forureiningar, som bly, kobbar, sink, olje og PAH.

Opprydding av historisk forureining i Raufoss Industripark

Svartåsen er ein stad på Raufoss Industripark rett ved ventilasjonssjaktene frå fjellanlegget. Metallstøv hadde gjennom mange år kvelt det meste av vegetasjonen. Svartåsen var, nettopp svart. Namnet på området kom likevel lenge før metallstøvet og stammar frå eit gammalt gardsbruk.

Alle foto: Raufoss Industripark. Klikk på bileta for større versjonar.

15. november 2004: Frå Svartåsen før oppryddingsarbeidet starta.

15. november 2011: Frå Svartåsen etter at oppryddinga er ferdig.

15. november 2004: Svartåsen var eit månelandskap.

15. november 2011: Svartåsen i novembersol.

2006: All vegetasjon og jord i Svartåsen blei fjerna ned til fjell.

 

15. november 2011: Etter tilbakefylling av leirmassar og matjord i Svartåsen.

Tema