Ingen batteri skal kastast

Frå no av skal alle brukte batteri leverast i butikk eller til miljøstasjonar. Det er enkelt å hugse og vil gi mindre forureining.

Leverast inn: Frå no av skal også vanlege batteri som brukast i hushalda leverast inn til forhandlarar eller miljøstasjonar. Foto: iStockPhoto

Batteri

  • Batteri består av ein eller fleire celler, der kjemisk energi blir omdanna til elektrisk energi.
  • Nokre batteri inneheld miljøgifter. Dei vanlegaste er knappcellebatteri, der mange inneheld kvikksølv, oppladbare nikkelkadmiumbatteri (NiCd), som inneheld kadmium, og blybatteri.
  • Dei vanlegaste alkaliske eingongsbatteria inneheld ikkje miljøgifter.
Fram til no har det vore lov å kaste vanlege hushaldsbatteri utan miljøgifter i restavfallet. Men veit du kva for batteri som er heilt giftfrie og kan kastast, og kva for batteri som ikkje er det? For å hindre at miljøskadelege batteri hamnar i restavfallet, kjem det no nye reglar som gjer det lettare å hugse kva vi skal gjere med brukte batteri: Absolutt alle batteri skal leverast til miljøstasjonar eller batteriforhandlarar, som har plikt til å ta i mot batteria gratis.

– Dei nye reglane er lettare for oss å hugse, og mindre miljøgifter vil hamne i naturen og ende i matfatet vårt, seier Marit Kjeldby, avdelingsdirektør i Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif).

Strengare krav til miljøgifter

Nye krav til produsentar og importørar av batterier

  • Plikt til å samle inn, gjenvinne eller sluttbehandle batteri.
  • Må vere tilslutta eit godkjent returselskap.
  • Batteri med innhald av kvikksølv på 5 ppm eller meir er forboden. For knappcellebatteri er grensa 2 prosent kvikksølv. Berbare batteri med meir enn 20 ppm kadmium er forbode, med visse unnatak.
  • Batteridrivne produkt skal vere konstruerte slik at batteria lett kan fjernast.
  • Returselskap og behandlingsanlegg får nye gjenvinningskrav og krav til innsamlingsgrad for berbare batteri.
  • Alle forhandlarar av batteri får plikt til gratis å ta imot brukte batteri i same kategori som dei sel.
Bakgrunnen for dei nye krava er at EU sitt Batteridirektiv er teken inn i norsk regelverk. Eitt viktig mål med direktivet er å redusere bruken av miljøfarlege tungmetall i batteri gjennom å stille strengare krav til innhaldet.

Berbare batteri som overgår minimumsgrenser for kadmium blir derfor forbodne. Batteri med rikelege mengder av tungmetalla kvikksølv, kadmium eller bly skal frå no av også merkast med det kjemiske symbolet for metallet - altså Hg, Cd og Pb.

Materiale blir gjenvunne

EU sitt batteridirektiv skal også sikre at ressursane i batteria blir gjenvunne. Returselskap og behandlingsanlegg får no strengare krav til kor mykje av materialet i batteria som skal gjenvinnast og kor mange batteri dei må samle inn.

I tillegg skal merking av batteria sikre at kapasiteten i batteria blir utnytta best mogeleg. Frå no av skal opplysningar om kapasiteten i batteriet vere tydeleg merkt, slik at det blir lettare for oss å samanlikne kor lenge batteria vil vare.

Kostnadene ved dei nye reglane er forventa å auke prisen på batteri med omtrent fire øre per batteri. Alle forhandlarar av batteri er pliktig til å ta imot batteri frå forbrukarane gratis.

Tema