Resirkulert gummigranulat kan brukast trygt

Det er liten grunn til uro over at små bitar oppmalt bilgummi, som blant anna blir brukt på kunstgrasbaner, skal gi utslepp av miljøgifter, viser ein ny rapport. På fotballbaner som ligg nære sårbare elvar og innsjøar, bør ein likevel vurdere å bruke andre materialar.

Låg miljørisiko: Gummigranulat gir lite utslepp av miljøgifter. Illustrasjonsfoto: iStockphoto.

Kunstgrasanlegg

  • Små bit gummi (granulat) blir brukt for å halde kunstgrasteppet på plass og gjer bana mjuk å spele på.
  • I dag er omtrent 130 000 tonn gummigranulat i bruk i Noreg, der størsteparten er framstilt av brukte bildekk. Gummigranulat frå bildekk brukte i kunstgrasbaner utgjer omtrent 76 000 tonn.
  • Dei totale utsleppa av miljøgifter og sink frå gummigranulat laga av kasserte bildekk er små samanlikna med utslepp frå andre kjelder.
  • Det er venta at det i dei nærmaste åra vil bli behov for å skifte ut mange av kunstgrasbanene som blei lagde for 8-10 år sidan.
  • Granulat laga av brukte bildekk inneheld meir miljøgifter og sink enn granulat laga frå anna nytt materiale. Alternativ er andre typar granulat, plastkular og sand.
Oppmalt gummi frå kasserte bildekk blir brukt på blant anna kunstgrasbaner, løpebaner, fallunderlag og gummimatter. Bildekk består av ulike gummiblandingar, men dei kan også innehalde miljøgifter.

Ingeniørselskapet Cowi har på oppdrag frå Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) gjort ei vurdering av kor mykje miljøgifter som kan leke ut frå gummigranulat laga av brukte bildekk. Rapporten viser at dei største utsleppa frå granulat er sink, og at det er lite utslepp av miljøgifter.

– Generelt er gummigranulat frå brukte bildekk trygt å bruke. Men dersom idrettsanlegg og -baner ligg i nærleiken av utsette elvar og innsjøar, bør ein vurdere å bruke andre materialar, slik at ein er heilt trygg på at det ikkje lek ut miljøfarlege stoff, siger Marit Kjeldby, avdelingsdirektør i Klif.

Trygg bruk

Faren for lekkasjar av sink og andre miljøskadelege stoff blir reduserte dersom gummigranulatet blir bunde i produktet og det blir lagt på ei fast overflate. Gummigranulat kan derfor trygt brukast i utandørs fallunderlag, løpebaner og støytdempande matter som er produserte på denne måten.

Lekkasjen av sink og miljøgifter er størst der gummigranulatet ligg laust, slik det ofte gjer på kunstgrasbaner. Gummigranulat frå kasserte bildekk kan som oftast bli brukt trygt også på slike baner. Men dersom idrettsbanene er plasserte slik at granulat kan renne ut til sårbare bekker og vassdrag, bør ein finne alternative materialar som er meir miljøvennlege - sjølv om det krev auka kostnader.

Trygg avfallshandtering

Produkt som inneheld gummigranulat laga av bildekk må behandlast på ein trygg måte når dei skal kasserast. Innhaldet av miljøgifter er ikkje så høgt at gummigranulat frå bildekk normalt må behandlast som farleg avfall, men det er likevel viktig å sikre at det går til riktig avfallshandtering. I dag finst det teknologiar som kan skilje gummigranulat i kunstgrasbaner frå plast, stein og andre materialar.

Tema