Framande artar med planteimport

I denne kortrapporten har vi oppsummert erfaringar med overvaking av planteimport som spreiingsveg for framande artar (prosjektperiode 2014–2016), og skissert tiltak og framlegg til framtidig overvakingsprogram bygd på desse erfaringane.

Tiltak som vil ha størst effekt på planteimport som spreiingsveg, er knytt til restriksjonar på eksportsida som kan bidra til at færre artar kjem inn som blindpassasjerar med planter og jord. Dette inneber skjerpa krav til eksportørar og importørar, og vil kunne få følgjer for den relativt frie handelen med varer som vi har i dag.


Type:
Rapport
Nummer:
M-648
Språk:
NN

Publisert:
17.01.2018 00:00:00
Forfatter:
NINA
Omfang:
30 s.

Last ned
Dokumentformat: .pdf

Tema