Lokale forskrifter etter viltlova

Dei lokale forskriftene inneheld føresegner om tilgang til jakt på dei aktuelle artane og grunnlaget for å gi fellingsløyve, mellom anna minstearealføresegner.

Enkelte forskrifter gjeld for avgrensa område (fylke, kommunar eller andre lokale område), først og fremst innanfor hjortevilt- og beverforvaltinga. Alle forskriftene finst på nettsidene til Lovdata (sjå menyen til høgre).

Blir fastsett av kommunen

Kommunen fastset forskrift om å opne jakt på bever, elg, hjort og/eller rådyr. Det blir òg fastsett eit minsteareal for den enkelte arten (minste teljande vasslengd for bever). Minstearealet dannar grunnlaget for å godkjenne vald og fellingsløyve.

Kommunen kan utvide jakttida for bever med inntil 15 dagar etter den ordinære jakttida for heile eller delar av kommunen der is- og snøforholda vanlegvis vanskeleggjer ei bestandsmessig forsvarleg forvalting innanfor den ordinære jakttida.

Elles kan kommunen fastsetje lokale forskrifter om hundehald med heimel i hundelova.

Blir fastsett av fylkeskommunen

Fylkeskommunen kan etter søknad frå kommunen utvide jakttida for elg og hjort til 23. desember ved særlege bestands-, forvaltnings- eller næringsbehov. Kva omsyn som skal takast, kva delar av arealet som er omfatta av driftsplanar, tiltak for samjakt og omsyn til anna friluftsliv skal gå fram av søknaden.

Kommunen skal òg søkje samarbeid med nabokommunar før søknaden blir fremja for fylkeskommunen. Arealet med utvida jakttid bør omfatte heile kommunen. Fylkeskommunen kan av omsyn til andre utmarksbrukarar innskrenke jakttida for elg og hjort til dømes ved å utsetje starttidspunktet, skyve fram avslutningstidspunktet og innføre opphald i jakta. Det kan gjelde heile eller delar av kommunen.
 
Fylkeskommunen kan etter søknad frå kommunen utvide jakttida for elg og hjort til 31. januar i heile eller delar av kommunen der skadegjerande, trekkjande bestandar av elg og/eller hjort medfører vesentlege beiteskadar.

Fylkeskommunen kan opne for jakt på kanadagås og stripegås inntil 15 dagar før den ordinære jakttida. Fylkeskommunen kan utvide jakta på kanadagås og stripegås i inntil to månader etter den ordinære jakttida.

Blir fastsett av Fylkesmannen

Fylkesmannen kan opne for jakt på grågås inntil 15 dagar før den ordinære jaktstarten når det ligg føre ein lokal forvaltningsplan. I denne perioden kan det jaktast frå klokka 04.00 til klokka 11.00.

Blir fastsett av villreinnemnda

Villreinnemnda kan utvide jakttida for villrein i villreinområdet sitt med inntil 14 dagar i oktober ved særlege bestandsmessige behov.

Forskriftene for det enkelte fylket får du hos den aktuelle Fylkesmannen eller på Lovdata-basen for lokale forskrifter.

Tema