Sentrale forskrifter til viltlova

Denne sida inneheld ei oversikt over sentrale forskrifter etter viltlova. Desse forskriftene gjeld for heile landet. I tillegg er det gitt mange lokale forskrifter som gjeld for dei enkelte fylka eller for enkeltkommunar. Dei sentrale forskriftene er oppgitte i kronologisk rekkjefølgje, med dei nyaste forskriftene først.

For dei forskriftene det er laga retningsliner for i form av rundskriv, er dette lagt ved under den einskilde forskrifta.

Du kan søkje etter sentrale forskrifter på nettsidene til Lovdata.

Forskriftene:

08.01.2016 Forskrift om forvaltning av hjortevilt

Forskrifta er sentral for bestandsforvaltning av hjortevilt. Her finn du blant anna ut korleis jaktrettshavar skal gå fram for å søkje om jakt på eigen eigedom, krav til søknader om godkjenning av vald, bestandsplanområde og bestandsplanar. I tillegg regulerer forskrifta kommunen si rolle i bestandsforvaltninga av elg, hjort og rådyr, og villreinnemnda sine oppgåver i forvaltning av bestander av villrein.

Forskrift om forvaltning av hjortevilt

Veileder til forskrifta

22.03.2002 nr. 313 Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst

Jegerar og fangstmenn kan no orientere seg om alle føresegner rundt utøving av jakt, felling og fangst i denne forskrifta. Forskrifta regulerer forhold som generelle føresegner ved utøving av jakt, felling og fangst, inkludert definisjonar og kva papir det er nødvendig å ha med seg under jakt, felling og fangst. Vidare regulerer forskrifta aldersgrenser for å utøve jakt, felling og fangst, jegerprøven, våpen og ammunisjon under jakt og felling, vilkår for lisensfelling, skyteprøve ved jakt og felling av storvilt, bruk av hund under jakt og felling, jakt, felling og avliving av storvilt og bruk av fangstreiskapar. Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

Les òg:

Veileder til forskrifta (PDF, 643 Kb)

15.05.2011 nr. 537 Forskrift om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort

Forskrifta regulerer opprettinga av kommunale og fylkeskommunale viltfond. Kommunale og fylkeskommunale viltfond er bundne driftsfond som berre kan forvaltast til viltformål. Formålet er å skape økonomisk bakgrunn for å fremje viltforvaltinga i kommunen og regionen. Det skal etablerast viltfond i alle kommunar der det er tilgang til å jakte elg og/eller hjort. Andre kommunar kan etablere viltfond i samsvar med reglane i forskrifta. Fylkeskommunar som får overføring frå eit statleg viltfond, skal etablere fylkeskommunale viltfond. Forskrifta regulerer inntekter til fondet, disponering av fondet og fastsetjing av fellingsavgift for elg og hjort.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

20.08.2007 nr. 987
Forskrift om jakt, felling, fangst og fiske på statsgrunn

Forskrifta er ei samleforskrift og tek for seg jakt og fiske på statsgrunn. Når det gjeld jakt, slår forskrifta fast at det er Statsskog som skal administrere jakt, felling og fangst på statsgrunn utanom statsallmenningane og jakt og felling av elg, hjort, rådyr, bever og gaupe i statsallmenningane. Viltforvaltinga skal skje i samsvar med føresegnene i viltlova og forskrifter som er gitt med heimel i viltlova. Forskrifta gir mellom anna reglar om prisar, rapportplikt, utleige av jakt og tilgangen utlendingar har til å jakte på statsgrunn.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

01.03.2012 nr. 190
Forskrift om jakt- og fangsttider samt sanking av egg og dun for jaktsesongene fra og med 1. april 2012 til og med 31. mars 2017

Jakttidene er eit viktig verkemiddel i viltressursforvaltinga. Miljødirektoratet fastset kva artar det kan jaktast på, og til kva tidspunkt ein kan jakte og drive fangst. Forskrift om jakt- og fangsttider og sanking av egg og dun blir revidert kvart femte år etter ein omfattande høyringsprosess. Eksisterande kunnskap og erfaringar frå dei siste åra viser at det ikkje er grunnlag for å gjere mange endringar for perioden 2012–2017.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

Les òg:

Retningslinjene for endring av jakttid (PDF)

Ny forskrift om jakt- og fangsttider samt sanking av egg og dun for jaktsesongene fra og med 1. april 2017 til og med 31. mars 2022

Retningslinjer til forskriften er lagt inn i lovdata og følger straks etter forskriftsteksten.

18.03.2005 nr. 0242
Forskrift om forvaltning av rovvilt

Forskrifta har som formål å sikre ei berekraftig utvikling av gaupe, jerv, bjørn, ulv og kongeørn. Innanfor ei slik ramme skal forvaltinga òg vareta omsyna til næringsutøving og andre samfunnsinteresser. Forvaltinga skal vere differensiert, slik at omsynet til ulike interesser blir vektlagt forskjellig i ulike område og for dei ulike rovviltartane. Forskrifta etablerer åtte forvaltingsregionar med åtte statlege rovviltnemnder på regionalt nivå, og det blir fastsett nasjonale bestandsmål som blir fordelte på regionane.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

18.06.2004 nr. 0913
Forskrift om ivaretakelse av dødt vilt

Forskrifta inneheld føresegner om eigedomsrett til og handtering av dødt vilt, om autorisasjon av preparantar og pliktene og rettane deira og om merkje- og registreringsplikta av dødt vilt.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

14.03.2003 nr. 349
Forskrift om innfanging og innsamling av vilt for vitenskapelige eller andre særlige formål

Formålet med denne forskrifta er å sikre at innsamling og fanging av vilt til forsking, undervisning, informasjon, oppdrett eller andre særlege formål skjer utan å påføre dyra unødig liding og utan å redusere produktiviteten og artsrikdomen til naturen.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

04.05.2001 nr. 0468
Forskrift om erstatning for tap og følgekostnader når tamrein blir drept eller skadet av rovvilt

Forskrifta har som formål å erstatte tap og følgjekostnader for reindrifta når tamrein blir drepne eller skadde av rovvilt. Forskrifta skal òg medverke til å redusere tamreintapa. Forskrifta fastset erstatningsvilkår og gir reglar om sannsynleggjering av rovvilttap og berekning av erstatning. Det offentlege får òg tilgang til å krevje tilbakebetaling av feil utbetalt erstatning. 

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

02.07.1999 nr. 0720
Forskrift om erstatning for tap og følgekostnader når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt

Forskrifta har som formål å erstatte tap og følgjekostnader for dyreeigarane når husdyr blir drepne eller skadde av rovvilt, og å medverke til å redusere tapa av husdyr på beite. Forskrifta fastset vilkår for erstatning og gir reglar om sannsynleggjering av rovvilttap og berekning av erstatning. Det offentlege får òg tilgang til å krevje tilbakebetaling av feil utbetalt erstatning.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

Les òg:

Retningslinjer til forskrift (213 Kb, PDF-fil)

15.02.1999 nr. 0357
Forskrift om hold av vilt i fangenskap, oppdrett av vilt i innhegnet område, og om jakt på oppdrettet utsatt vilt

Forskrifta skal sikre at hald av vilt i fangenskap og oppdrett av vilt i inngjerda område skjer forsvarleg, samtidig som naturmiljøet og det biologiske mangfaldet i naturen blir bevart. Forskrifta fastset kva viltartar som kan alast opp utan løyve, og kva artar som krev løyve frå viltmyndigheitene, og ho oppgir vilkåra for å gi løyve. Forskrifta gir reglar om kva artar som kan haldast i fangenskap, om krav til inngjerda område, om inngjerding og om rømming.

Forskrift og retningslinjer (Lovdata)

01.09.1997 nr. 1000
Forskrift om felling av viltarter som gjør skade eller som vesentlig reduserer andre viltarters reproduksjon

Forskrifta gir tilgang til å felle visse viltartar som gjer skade. Eit vilkår for fellinga er at ein har prøvd andre tiltak for å hindre skadar eller redusere predasjon. Forskrifta oppgir artar som kan fellast utan særskilt løyve frå eigar/brukar/rettshavar når artane gjer skade av vesentleg økonomisk betydning, artar som kan fellast etter løyve frå kommunen, og artar som kan fellast etter løyve frå Fylkesmannen. I tillegg kan Miljødirektoratet gi fellingsløyve i særlege tilfelle.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

24.10.1984 nr. 1879
Forskrift om gjennomføringen av bestemmelsene om sammenslåing for å oppnå minsteareal for hjorteviltjakt i viltloven § 38

Forskrifta regulerer den praktiske gjennomføringa ved samanslåing av eigedommar for å oppnå minsteareal for felling av hjortevilt.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

24.10.1984 nr. 1878
Forskrift om gjennomføringen av bestemmelsene om sammenslåing av eiendommer til felles viltområde i viltloven § 37

Forskrifta regulerer gjennomføring av fellesmøte ved samanslåing av eigedommar til felles viltområde.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

Tema