Kvalitetsnorm for villaks

Kvalitetsnorma skal bidra til at ville laksebestandar vert tekne vare på og bygde opp att til ein størrelse og samansetting som sikrar mangfaldet innan arten og utnyttar laksen sine produksjons- og haustingsmuligheiter.

Haustbart overskot

Hausting av lakse- og innlandsfisk kan etter naturmangfaldlova berre tillatast når best tilgjengeleg dokumentasjon tilseier at arten produserer eit haustbart overskot.

Det haustbare overskotet i ein bestand er lik totalinnsiget til kysten av fisk av bestanden, før den blir fiska på i sjøfisket og elvefisket, minus gytebestandsmålet.

Genetisk integritet

Delnorm genetisk integritet har følgjande element: artshybridisering, grad av genetisk påverknad frå rømd oppdrettslaks og seleksjon.

Dersom eit av desse elementa tilseier at god kvalitet i delnorma ikkje er nådd, gjeld dette for heile delnorma genetisk integritet.

Påverknad frå rømd oppdrettslaks skal klassifiserast ved hjelp av genetiske markørar.

Kvalitetsnorma vart vedteken ved kongeleg resolusjon i 2013 med heimel i naturmangfaldlova.

For at ein laksebestand skal nå kvalitetsmålet etter norma må den ikkje vere betydeleg genetisk påverka, den må nå gytebestandsmålet, og den må ha eit normalt haustbart overskot.

To delnormer - fem kategoriar

Kvalitetsnorma har to delnormer:

  • gytebestandsmål og haustingspotensial og
  • genetisk integritet

Bestandar vert klassifiserte i fem kategoriar, frå svært god til svært dårleg. Dei to delnormene vert samla til ei felles klassifisering, der den dårlegaste er styrande for fastsetting av kvalitet. For å nå målet etter kvalitetsnorma må den samla klassifiseringa vise god eller svært god kvalitet.

Kvalitetsnorma er retningsgjevande for involverte myndigheiter si forvalting, og skal gi eit best muleg grunnlag for forvaltninga av bestandane og faktorane som påverkar bestandane.

Dersom klassifisering viser at god kvalitet ikkje er nådd for ein bestand, bør det etter naturmangfaldlova lagast ein plan som klargjer hovudårsakene og relevante tiltak. Klima- og miljødepartementet (KLD) skal utarbeide slike planar i samråd med andre involverte myndigheiter. Aktuelle tiltak kan mellom anna gå ut på at det vert vedteke forskrifter med heimel i naturmangfaldlova eller andre lover.

Effektindikatorar

Det er laga effektindikatorar for menneskeskapte påverknader på bestandane. Desse skal nyttast til å identifisere og vurdere dei enkelte påverknadane basert på den effekt dei kan ha ut frå dagens kunnskapsgrunnlag. Slike effektindikatorar er laga for ulike påverknader: Gyrodactylus salaris, fosfor, nitrogen, forsuring, kopar, rømd oppdrettslaks, framande fiskearter, lakselus, vassdragsinngrep og overfiske.

Vitskapleg råd klassifiserer

KLD avgjer kva laksebestandar som skal klassifiserast etter kvalitetsnorma. Klassifisering og overvaking skal utførast av vitskapleg fagmiljø med særskilt kompetanse. Vitskapleg råd for lakseforvaltning er peika ut av KLD til å klassifisere bestandar og vurdere faktorar som påverkar kvaliteten.

Kontakt

Heidi Hansen
Tlf: 416 29 333

Relaterte lenker