Tilskot til friluftsaktivitet

For å stimulere til friluftslivsaktivitet gir Miljødirektoratet gjennom fleire ordningar tilskot til lag og organisasjonar på lokalt og sentralt nivå. Tiltak i nærmiljøet og innsats mot barn, unge og grupper som er lite aktive har høg prioritet. Prioriteringar innan dei ulike tilskotsordningane kan variere noko frå år til år. Prioriteringar går fram av Klima- og miljødepartementet sitt årlege rundskriv om tilskotsordningane.

Vi forvaltar tilskotsordninga Tilskot til friluftslivsaktivitet (Kap 1420 post 78) på statsbudsjettet.

Målgruppa for ordninga er lag og organisasjonar som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv. Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvenleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga, med vekt på særskilte grupper.

Det blir prioritert å gi støtte til tiltak som stimulerer til direkte friluftslivslivsaktivitet. Det kan òg bli gitt støtte til materiell og utstyr, som til dømes kompass, fiskestenger, enkle telt og liknande.

Miljødirektoratet forvaltar tilskotsordninga Tilskot til friluftslivsaktivitet for personar med innvandrarbakgrunn (Kap 1420 post 78) på statsbudsjettet.

Målgruppa for ordninga er berre sentralledda i lag og organisasjonar som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv. Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennlig friluftsliv for personar med innvandrarbakgrunn.

Det blir prioritert å gi støtte til friluftslivstiltak som stimulerer til direkte friluftslivslivsaktivitet. Det kan òg bli gitt støtte til materiell og utstyr, som for eksempel kompass, fiskestenger, enkle telt og liknande.

Søknader om tilskot skal sendast gjennom Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter innan fristar kunngjort der og i departementet sitt årlege rundskriv. All informasjon om tilskotsordningane finst i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Les informasjonen nøye før de søker.

Tjenester og verktøy

Aktuelle tjenester/verktøy

    Relaterte lenker