Klassifisering og merking av kjemikalier (CLP)

Den nye forordninga til EU om klassifisering, merking og emballering av stoff og stoffblandingar (CLP) tredde i kraft i Noreg i 2012. Det nye regelverket innfører blant anna nye farepiktogram, men inneber også at Noreg ikkje lenger har nokre unnataksstoff.

Farlege kjemiske stoff og stoffblandingar (kjemikal) skal klassifiserast og merkast. Dei skal også emballerast på ein forsvarleg måte. Reglane om klassifisering, merking og emballering omfattar både kjemikal som blir selde til forbrukarar og kjemikal til yrkesmessig bruk.

EU si forordning om klassifisering, merking og emballering av stoff og stoffblandingar (forkorta CLP) tredde i kraft i Noreg 16. juni 2012. Den nye CLP-forordninga byggjer på FN sitt globalt harmoniserte system for klassifisering og merking av kjemikal (GHS).

Tjenester og verktøy

Tema

Relaterte lenker