Miljøgifter utgjer særleg ein trussel for artar høgt i næringskjeda, slik som isbjørn, polarmåke og spekkhoggarer. Foto: iStockphoto

Miljøgifter

Miljøgifter er kjemikaliar som er giftige, tungt nedbrytbare og blir konsentrert oppover i næringskjeda. Dei blir til dømes tatt opp i fisk og havnar med det i maten vi et. Mange av stoffa kan transporterast med luft- og havstraumar langt frå utslippskjeldene.