Mange ftalat er forbodne i leikety og småbarnsprodukt som barn kan suge eller tugge på. Foto: iStockphoto

Ftalater

Stoffgruppa ftalat består av mange forskjellige stoff. Somme ftalat er klassifiserte som reproduksjonsskadelege. Somme er også klassifiserte som miljøskadelege. Ftalat blir hovudsakleg brukt som mjukingsmiddel i plast, og dei finst i mange produkt vi omgåst dagleg. Dei mest skadelege ftalata er forbodne i leikty og i småbarnsprodukt. Mange av ftalata er på lista til miljøvernstyresmaktene over prioriterte miljøgifter.