Kvikksølv er ein av de farlegaste miljøgiftene og utgjer ein trugsel for helse og miljø. Foto: iStockphoto

Kvikksølv

Kvikksølvforureining i Noreg skuldast både nasjonale utslepp og langtransportert forureining frå andre delar av verda. Det har vore gjort ei rekkje tiltak for å redusere utsleppa nasjonalt, deriblant krav til utslepp frå industri og offentlege verksemder, samt forbod mot kvikksølv i produkt. Dei nasjonale utsleppa er følgjeleg kraftig reduserte, og størstedelen av kvikksølvtilførsla er no langtransportert forureining frå andre delar av verda. Miljøstyresmaktene fortset arbeidet med å redusere utsleppa av kvikksølv så langt som mogeleg, blant anna gjennom etablering av ein global kvikksølvkonvensjon.

Tjenester og verktøy

Pågående høringer