Mørkridsdalen. Foto: Liv Byrkjeland/SNO

Mørkridsdalen

Den trolske Mørkridsdalen er kjent for sin vakre og ville natur med fossande elvar og frodige lier. Menneska som har levd i dalen gjennom mange tusen år har brukt alle ressursane som fanst for å overleve. Dette har påverka den naturen og det biologiske mangfaldet som me finn i dag. I prosjektet ”Mennesket og naturarven” vil SNO finne samanhengen mellom den tradisjonelle bruken og verneverdiane i dalen.

Landskapsvernområde

I 2009 vart Mørkridsdalen verna som landskapsvernområde etter Naturmangfaldlova. Den tradisjonelle bruken av dalen var ein viktig premiss for vernet.  Forvaltninga må difor ta omsyn til den tidlegare bruken når landskapsvernområdet skal takast vare på for framtida.

Lokale initiativtakarar

Mørkridsdalen vart plukka ut som eit utprøvingsområde i  prosjektet  Mennesket og naturarven. En viktig grunn for dette var at bygdelaget i Skjolden dei to siste åra har samla inn tradisjonskunnskap om bruk av Mørkridsdalen frå 1800-talet og fram til 1990-talet.

Dei har intervjua og filma 15 eldre informantar, samla inn over 200 gamle bilete frå området, og har laga ein tre timars lang dokumentarfilm kalla ”Frå naturhushald til nasjonalpark”.  Filmen er ein hyllest til Mørkridsdalen og til tidlegare generasjonar sitt slit for å overleve i ein slik barsk natur. Dette er eit unikt kjeldemateriale som SNO har fått bruke i forprosjektet.

Utvalde naturtypar

I forprosjektet valde SNO ut dei utvalde naturtypane slåtteng og haustingsskog som tema for å undersøke korleis dei er forma av tidlegare bruk. Tradisjonskunnskap er nødvendig for at desse naturtypane skal kunna skjøttast på ein god måte.

Nedst i dalen finst det store mengder haustingsskog av alm. Almen har vorte gamal på grunn av at den vart hausta. Almen er i seg sjølv ein truga art. I tillegg finst det mykje sjeldan mose, lav og sopp som veks på almebarken. 

Det vart ikkje kartlagt noko slåttemark i dalen i undersøkingane som var gjort i samband med verneprosessen, men dei eldre kjenner til mange utmarkslåtter i dalen. Den største utmarkslåtta ligg på Knivabakkgjerdet  som enno er i  tilsynelatande god hevd sjølv om det var slutt på slåtten i 1969.

Bygdelaget  samla ikkje inn informasjon med tanke på dokumentere detaljar kring den tidlegare bruken av spesielle naturtypar. Difor vart det trong for ytterligare opptak og intervju i forprosjektet. To av intervjupersonane var den 87 år Trygve Skjolden som var dreng i Mørkridsdalen som ung og Ola Kilen som har halde tradisjonen om rising av alm i hevd heilt fram til i dag.

Kva fann me ut?

I intervjua kom det fram informasjon som er viktig for den vidare stell av slåttenga og almetrea. Tidlegare føregjekk slåtten andre veka i august. Dei hesja som regel høyet, og slåttemarka vart beita utover hausten. Bøndene i Mørkridsdalen brukte  ikkje det næringsrike almelauvet , dei brukte almebarken i staden. Utpå seinvinteren når sola var tilbake i dalen hogg dei greiner av almen - dei risa.

Greinene vart gitt til kua, sauene og geitene som gnog barken av. Restane vart brukt til ved. Grunnen til at dei gjorde det slik var at dei kunne hausta lauv av andre treslag som bjørk og osp, men det var berre almen dei kunne hauste som for utpå våren når det var slutt på både høy og lauv. Almebarken var dessutan svært næringsrik og gjorde dyra godt.

Ny informasjon har kommet frem

Intervjua gav grunnlag for å lage til kurs om rising av alm i mars 2012. Forsking og forvalting har ikkje sett så mykje fokus på dette med rising, det er lauving som har vore tema. Det viser seg at almen i stor grad har vorte risa og ikkje lauva i mange område, og at treet tåler betre å bli risa enn å bli lauva. Dette er nyttig informasjon som har kome fram gjennom Mennesket og naturarven-prosjektet, og som SNO vil ta med seg i den vidare skjøtselen av alm i verneområda. På kurset vart denne kunnskapen utveksla mellom forsking, forvalting, SNO og ikkje minst grunneigarane.

Ein annan effekt av prosjektet er nettopp dette med å finne ein god fellesarena for kunnskapsutveksling. Det var veldig lett å prate med folk om tradisjonskunnskap.  Det lokale engasjementet er stort, og det skapar ein felles plattform mellom  vernestyresmakter og lokalbefolkning.

SNO set i gong slått og rising etter 40 år

Ei utmarkslåtte må slåast for å ta vare på det biologiske mangfaldet som finst der. Difor sette SNO i gang slått i Knivabakkgjerdet i samarbeid med grunneigarane sommaren 2011. Me brukte tradisjonelt slåttetidspunkt  og fjerna graset.

Rising av alm skal gjennomførast på seinvinteren 2012 med hjelp av informantar som kan den tradisjonelle teknikken og kunnskapen om trerestaurering som kom fram under risingskurset.

Film

Alt som vart gjort i prosjektet vart dokumentert av fotograf  Bjørn Bergum og kommentert av Per Espen Fjeld, SNO. I løpet av hausten 2011 vart gamle og nye filmar klipt saman til ein 30 min. dokumentarfilm ”Mennesket og naturarven – historisk bruk av natur i Mørkridsdalen landskapsvernområde”.