Ozonlaget i stratosfæren vernar livet på jorda mot skadeleg ultrafiolett stråling frå sola. Foto: iStockPhoto

Ozonlaget og UV

Ozonlaget vernar alt liv mot skadeleg ultrafiolett stråling frå sola. Forandringar i ozonlaget påverkar klimaet på jorda, og endringar i klimaet og meteorologiske forhold verkar inn på nedbrytinga av ozonlaget. Tjukkleiken på ozonlaget påverkar UV-strålinga. Jo tjukkare ozonlag, desto mindre UV. Miljødirektoratet sørgjer for at tiltak mot ozonreduserande stoff blir iverksett i Noreg. Vidare er vi ansvarlege for overvakinga av konsentrasjonen av desse stoffa i atmosfæren og for å følgje utviklinga av ozonlaget over Noreg.