Kalking – tiltak mot forsuring av innsjøar. Foto: Miljødirektoratet

Sur nedbør

Sur nedbør skuldast utslepp av svovel- og nitrogensamanbindingar som fell ned anten med nedbør eller som gassar. Slike sambindingar finst naturleg i atmosfæren, men tilførslene auka dramatisk på 1990-talet på grunn av utslepp frå industri og fossilt brensel. Store kutt i utsleppa av svovel og nitrogen har gjort at belastninga frå sur nedbør no er blitt betydeleg mindre enn problemet var på 1970- til 1990-talet. Likevel er forsuring framleis eit stort miljøproblem. Hovudårsaka til sur nedbør i Noreg skuldast utslepp i Europa.