Bildetekst: Zeppelinobservatoriet, Ny-Ålesund, Svalbard. Foto: Ove Hermansen, Norsk institutt for luftforskning (NILU).

Langtransporterte atmosfæriske miljøgifter

Kor mykje tungmetall og organiske miljøgifter kjem til Noreg via luft og nedbør frå andre land? Kor mykje miljøgifter er det eigentleg i Arktisk luft?

Om programmet

Mål: Følgje med på langtransporten av miljøgifter som kjelde til forureining i Noreg, og bruke denne informasjonen til internasjonale forhandlingar om utsleppsgrenser.

Oppstart: ca. 1990

Tildeling 2014-2015: 7,1 mill. NOK per år

Utføres av: Norsk institutt for luftforsking (NILU).

Parameterar: PCB, HCB, DDT, PBDE, PFC SCCP/MCCP, cVMS, fosfororganiske flammehemmere, nye bromerte flammehemmere, ftalater, kvikksølv, tungmetall

Frekvens: Prøvetaking, analyser og rapportering kvart år. Vekesprøver for nokre av miljøgiftene, månadsprøver og kampanjer for andre

Overvakingsområde: Birkenes, Andøya, Zeppelinfjellet

Metoder: Kjemiske analyser av luft og nedbør

Langtransport er kjelda til store delar av den totale mengda miljøgifter i Arktis og dei nordlege havområda. Dette gjeld også for mykje av fastlands-Noreg.

Programmet inneheld overvaking av eit utval organiske miljøgifter og tungmetall i luft på tre stasjoner; Birkenes, Andøya og Zeppelinfjellet og tungmetall i nedbør på ein stasjon; Birkenes.

Resultata frå dette programmet blir brukt internasjonalt i mange samanhengar (OSPAR, LRTAP AMAP, EMEP, Stockholmkonvensjonen, EU). Eit viktig grunnlag for stiftinga av AMAP var nettopp dokumentasjon på at miljøgifter kan transporterast til Arktis via luftstraumar.

Zeppelinobservatoriet ligg langt frå industrialiserte områder og er lite påverka av utslepp som skuldast menneskeleg aktivitet. Dette gjer det til eit unikt referansepunkt på global skala.

Status

  • Nivåa av dei klassiske organiske miljøgiftene DDT, klordan, PCB og HCH har gått ned over tid. Nivået av plantevernmiddelet HCB ser derimot ut til å ha auka på Svalbard, trass i eit globalt forbod mot dette stoffet

  • Måling av dei nye organiske miljøgiftene siloksaner og klorparafiner starta i 2013 på Zeppelin. Dei to første åra med målingar viser nivå som er opp til tre gongar høgare enn dei gamle miljøgiftene (dvs. PCB, PBDE, PFAS, OCP)

  • Nivået av dei aller fleste metall har gått ned, men nivået av kvikksølv ser ikkje ut til å minke i noko særleg grad ved nokon av stasjonane.

Sjå presentasjon og tolking av data frå dette programmet på Miljøovervåking Svalbard og Jan Mayen (MOSJ)