AF Miljøbase Vats utanfor Haugesund er eitt av tre mottaksanlegg for utrangerte offshoreinstallasjonar i Noreg. Foto: AF Decom

Avvikling offshore

Dei rundt 500 offshoreinstallasjonane som står på norsk sokkel, utgjer til saman millionar av tonn med stål og betong - og i tillegg betydelege mengder farleg avfall. Slike avvikla installasjonar må behandlast av godkjente avfalls- og behandlingsanlegg. I åra framover er det forventa store mengder avfall frå avviklinga av norsk offshoreverksemd. Det er også forventa import av utrangerte offshoreinstallasjonar frå andre land i Nordsjøen.