Alle oljeinstallasjonar på norsk sokkel må jobbe med å byte ut miljøfarlege kjemikal med betre alternativ. Foto: Redningsselskapet, Flickr

Null miljøfarlege utslipp

Målet om null miljøfarlege utslepp til sjø frå olje- og gassektoren blei fyrst lansert i ei stortingsmelding i 1996. Målet gjaldt umiddelbart for nye utbyggingar, og skulle nåast innan utgangen av 2005 for eksisterande anlegg. Målet blei presisert igjen i ei stortingsmelding frå 2003, mens ytterleg strengje reglar blei sette for petroleumsverksemd i det spesielt sårbare Lofoten og Barentshavet i 2004. I 2011 blei dei spesielle reglane for dette området opphevde med oppdatering av forvaltningsplanen for det marine miljøet i Barentshavet og havområda utanfor Lofoten i 2011. No skal utslepp til sjø regulerast på same måte på heile den norske kontinentalsokkelen.