Folgefonna nasjonalparksenter. Foto: Folgefonna nasjonalparksenter

Besøkssenter nasjonalpark Folgefonna

I senteret i Rosendal, Kvinnherad kan ein oppleve naturen ikring Noregs tredje største isbre gjennom ei ny utstilling.

Besøkssenter nasjonalpark Folgefonna formidlar kunnskap og opplevingar knytt til natur- og kulturattraksjonane på Folgefonnhalvøya.

I 2005 vart Folgefonna nasjonalpark oppretta. Her får ein også kjennskap til nokre av dei store dalføra som går frå fjorden og inn til fonna.

Tilbod

Nasjonalparkutstillinga fokuserer på:

  • Folgefonna nasjonalpark
  • geologi
  • friluftsliv
  • naturhistoriske hendingar
  • nasjonalparkene i Noreg

Her finn ein også turistinformasjon. Utanfor ligg ein geologisk park og eit museum om skipsbygging.

Målsetjing

Senteret skal gje inspirerande informasjon om Folgefonna nasjonalpark, for å lede besøkande til aktiv bruk av Folgefonna nasjonalpark.

Organisering

Folgefonna nasjonalparksenter vert eigd og drive av Kvinnherad kommune.
Det finst også mindre informasjonspunkt om Folgefonna nasjonalpark ved innfallsportane i kommunane Jondal, Ullensvang, Odda og Etne. I dag inneheld innfallsportane i Herand i Jondal og Åkrafjordtunet i Etne utstillingar av bilder og informasjon, dei andre to er under utvikling.