Jondal nasjonalparklandsby. Foto: Jondalen nasjonalparklandsby

Jondal nasjonalparklandsby

Jondal kommune ligg i Hardanger i Hordaland fylke. Kommunen har omlag 1080 innbyggjarar, har 60 km strandline og eit landareal på 250 km2. Folgefonna nasjonalpark utgjer 1.19 km2 av kommunen sitt areal.

Kommunesenteret Jondal har status som nasjonalparklandsby. Lokale verdiar er knytt til natur, kultur og reiselivsnæring. Nasjonalparklandsbyen knyter fjorden, fjellet og fonna saman i ei heilskapeleg oppleving med sin geografi og tilkomst. Her fins is og bre, stein og fjell, fossar og fjord kombinert med estetikk, handverk og næringsutvikling. Bygningsmassen er særeigen med kvite sveitserhus og helletak. Frå sentrum er det omlag 20 km (Og 1200 høgdemeter) til Folgefonn Sommarskisenter i retning Krossdalen. Jondal er den einaste kommunen kring Folgefonna som har bilveg heilt fram til brekanten. I Jondal kan du og få ”smaken av nasjonalparken ” – gode råvarer, tradisjonelle oppskrifter med nyskapande element er sett saman til ein eigen nasjonalparkmeny.

Jondal sentrum er kommunesenter med omlag 400 innbyggjarar.

Kommunesenteret er lokalisert geografisk omlag midt i kommunen, og har infrastruktur som ein liten tettstad med to daglegvarebutikkar, hotell og gjestgjevarstad, gjestetun, landsbykontor, turistkontor og andre serviceinstitusjonar.

Kommunesenteret har ferjekai med avgangar til Tørvikbygd omlag kvar time, busstopp for bussar til Utne og bussruter i kommunen.

Viketunet, eit gamalt bygdetun, ligg i sentrum. Det er og nokre industribedrifter knytt til sentrum.

Jondal Stål er ei moderne verksemd som arbeidar i stål og aluminium. 

7. september 2012 opna Jondalstunnelen, og Jondal gjekk frå å vera ein utkant til å bli eit sentralt gjennomreisepunkt. Tunnelen har gjeve jondølingane lettare tilkomst til nabokommunane Kvinnherad og Odda, og opna for eit nytt reisealternativ mellom Bergen og Odda.   

Relaterte lenker