Norsk Natursenter. Foto: Norsk Natursenter AS

Besøkssenter nasjonalpark Hardangervidda

Hardangervidda nasjonalpark har to besøkssenter, eit i Eidfjord og eit på Skinnarbu.

Eidfjord

Å skape eit nært møte mellom det moderne mennesket og naturen er målsettinga for besøkssenteret, som ligg i Eidfjord på vestida av Hardangervidda. Senteret formidlar kunnskap og opplevingar innan natur, kultur og friluftsliv på Hardangervidda og i Eidfjord. Senteret opna i 1995, og vart autorisert som besøksenter for Hardangervidda i 1997.

Våren 2018 skifta senteret innhald og namn til Norsk Natursenter. Senteret er eit spennande opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø, og det er lansert eit heilt nytt utstillingskonsept med moderne design og nyskapande formidlingsteknologi.

Målsetting

Senteret har som mål å samle og spreie kunnskap om samspelet i naturen, og relasjonane mellom natur og menneskeleg verksemd. Senteret ynskjer å bidra til å skape eit nært møte mellom det moderne mennesket og naturen.

Tilbod

  • utstillingar om natur, kultur og friluftsliv, basert på interaktive stasjonar, akvarium, temavideoar og illustrerande plansjetekstar
  • supervideograf med visning av film av Ivo Caprino – ei reise der fjord, fjell og foss er hovudtema
  • kafé/restaurant
  • turistinformasjon
  • suvenirbutikk
  • Nordisk Naturskole Eidfjord

Organisering

Besøkssenteret er organisert som eit aksjeselskap med Eidfjord kommune som eineaksjonær. Meir informasjon på www.norsknatursenter.no

Skinnarbu

Besøkssenteret på Skinnarbu ligg ved Møsvatn i Tinn kommune, ved inngangen til Hardangervidda frå aust.

Senteret, som er teikna av den norsk-islandske sivilarkitekten Gudmundur Jonsson, blei autorisert av DN og opna i august 2000.

Senteret har vore stengt ei stund, men er no ope for grupper og skuleklassar og ved ulike arrangement. Senteret vil bli del av Norsk Villreinsenter Sør, som er etablert i same bygg. Det vil bli utvikla nye tilbod som ein del av villreinsenteret, t d filmar og ei heilt ny utstilling med tema villrein. Nasjonalparkinformasjon erl også eit viktig element ved senteret.

Målsetting

  • auke forståinga av det økologiske samspelet og gje kunnskap om menneskeleg påverking på miljøet og villreinen spesielt
  • fremme forståinga av vern av sårbare naturtyper og artar
  • formidle kunnskap om særtrekk i natur
  • ivareta lokale kulturhistoriske interesser knytt til kulturlandskap og kulturminne i nasjonalparken og lokale kultur- og handverktradisjonar
  • stimulere interesse for natur og legge til rette for positive naturopplevingar
  • bidra til å kanalisere ferdsel i nasjonalparken og fremme eit enkelt friluftsliv
  • formidle målsettingane i den statlege miljøvernpolitikken
  • auke forståinga for nasjonalparkane si samfunnsmessige tyding.
  • bidra til god dialog og gjensidig forståing mellom lokalbefolking og forvaltningsstyresmakter
  • medverke til styrking av kultur og identitet knytt til lokal økologisk kunnskap og tradisjonell naturbruk i nasjonalparken