info Dette er et tidligere arrangement

Konferanse | 28.02.2022 – 28.02.2022

FNs klimapanels andre delrapport - lansering

FNs klimapanel (IPCC) presenterte ny kunnskap om verknadar av, tilpassingar til og sårbarheit overfor klimaendringane. Pressekonferansen var på norsk.

Sted: Sentralen, Oslo
Tid: 13.30 - 15.00
Pris: Gratis
Arrangør: Miljødirektoratet, Havforskningsinstituttet, Institutt for fredsforskning, Norges miljø-og biovitenskapelige universitet

Meir enn 700 ekspertar frå 90 land - 19 frå Noreg – deltar i arbeidet med sjette hovudrapport frå FNs klimapanel (IPCC), som består av tre delrapportar og ein synteserapport.

28. februar presenterte Klimapanelet andre delrapport om verknadar av, tilpassingar til og sårbarheit overfor klimaendringane. Norske forskarar som har bidratt i rapporten, fortalde om innhaldet på pressekonferansen.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide mottok rapporten og spørsmål frå presse kunne stillast til statsråden og dei norske forskarane.

Opptak av lansering 28. februar

Dagsorden (13.30 - 15.00)

  • Velkomen
    Direktør Ellen Hambro, Miljødirektoratet

  • Konsekvensar for økosystem (hav og land)
    Forskar Mette Skern-Mauritzen, Havforskningsinstituttet

  • Klimarisiko og konsekvensar for menneske
    Forskar Halvard Buhaug, Institutt for fredsforskning (Prio)

  • Klimarobust utvikling
    Forskar Siri Eriksen, Norges miljø-og biovitenskapelige universitet (NMBU)

  • Klimatilpassing og rettferd 
    Forskar Tor Arve Benjaminsen, Norges miljø-og biovitenskapelige universitet (NMBU)

  • Spørsmål og svar til forskarane frå presse
    Alle forfattarane

  • Overlevering av rapporten og spørsmål frå presse
    Klima- og miljøminister Espen Barth Eide

Nyheitsmelding og rapporten forenkla på norsk

Om sjette hovudrapport frå FNs klimapanel

  • FNs klimapanel (IPCC) utgjev hovudrapportar kvart 6-7 år, som består av fire delar.
  • Den sjette hovudrapporten inneheld den mest oppdaterte kunnskapen om vitskapelege, teknologiske og sosioøkonomiske aspekt ved klimaendringar, verknadar og framtidig risiko, samt tiltak, løysingar og verkemiddel for klimatilpassing og utsleppsreduksjonar.
  • Bruker fleire typar utslepps- og utviklingsscenarioar til å undersøkje kor mykje menneske bidreg til framtidige klimaendringar.
  • Scenarioar for framtidige sosiale og miljømessige forhold vert òg brukt til å studere korleis klimaendringar kan påverke ulike framtider.
  • Delrapport 1 om fysiske klimaendringar og det naturvitskapelege grunnlaget blei publisert 9. august 2021

Meir om FNs klimapanel (IPCC)