Kommunar med ulverevir kan søke tilskot

Miljødirektoratet har opna for innsending av søknadar om støtte til kommunar med ulverevir. Søknadsfristen er sett til 1. juli 2020.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 09.06.2020

Regjeringa lanserte 6. juli 2017 ei ordning for å søke tilskot for kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold.

Formålet med ordninga er å medverke til å dempe konflikt. Kommunane sin bruk av midlane skal henge sakleg saman med belastinga som følger av å ha ulverevir i kommunen.

Delast likt mellom kommunane

For å få tilskot, må det ha vore revirhevdande ulv i kommunen den siste vinteren (sjå tabellen) jf. Rovdata sin bestandsrapport for ulv.

For 2020 er det i statsbudsjettet sett av 20,56 millionar kroner til ordninga. Midlane vil bli delt likt mellom dei kommunane som sender inn søknad.

Reglar for tildeling

Det vil være eit krav for tildeling at tiltaka det blir søkt støtte til er i tråd med gjeldande regelverk for ordninga.

I eit dialogmøte mellom Klima- og miljødepartementet (KLD) og Utmarkskommunenes Sammenslutning (USS) i mai 2020, vart det gjort avtale om at det i 2020 kan løyvast midlar frå tilskotsordninga til eit USS-initiert prosjekt som vil kartlegge livskvalitet og levekår i ulvesona.