Hugs fristen for erstatning for rovviltskadar

Frist for å sende søknad om erstatning for rovviltskadar på husdyr er søndag 1. november.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 26.10.2020

Søknadar som gjeld sau skal leggjast inn i Elektronisk søknadssenter, mens søknadar som gjeld andre husdyr skal sendas direkte til Fylkesmannen.

Vi ber alle søkjarar om å lese bruksrettleiingane i søknadssenteret, for å sikre at all påkravd informasjon kjem med. Kontakt Fylkesmannen om søknadar som gjeld andre husdyr enn sau.

Miljødirektoratet minner om at det berre er mogeleg å opprette ein brukarprofil for kvart personnummer. Har du gløymt passord eller endra e-postadresse, så finn du informasjon om korleis dette blir løyst ved å logge inn i Elektronisk søknadssenter.

Kontakt fylkesmannen i fylket du har bustad i om du har spørsmål om utfylling av søknaden.

Spørsmål om søknadssenteret kan rettast til Miljødirektoratet på e-post esshjelp@miljodir.no eller telefon 951 23 500 (mandag - fredag kl. 10.00 - 14.00).