Klimamåla i klimalova (2030-2050) vert foreslått endra

Regjeringa har sendt eit forslag til Stortinget om å lovfeste forsterka klimamål for 2030 og 2050.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 23.04.2021

Endringane vil innebere at dei lovfesta klimamåla samsvarar med dei forsterka klimamåla regjeringa alt har vedteke.

55 prosent reduksjon i utslepp av klimagassar

Noreg melde inn eit forsterka klimamål for 2030 under Parisavtalen i februar i fjor. Det nye målet er at utsleppa skal reduserast med minst 50 prosent og opp mot 55 prosent samanlikna med utsleppa i referanseåret 1990. Klima- og miljødepartementet foreslår no å lovfeste dette målet i klimalova.

I Noregs Lågutsleppsstrategi forsterka regjeringa óg Noreg sitt klimamål for 2050. I det nye målet aukast ambisjonane frå 80 – 95 prosent til 90 – 95 prosent jamført med utsleppsnivået i referanseåret 1990. Dei to forsterka klimamåla blir lovfesta ved å endre §§ 3 og §§ 4 i klimalova.

EU har òg blitt einig om klimalov og utsleppsmål

55 prosent utsleppskutt innan 2030 skal bli ein del av unionens klimalov. Dei har sett eit mål om å bli karbonnøytrale innan 2050 og arbeide for å vere karbonnegative etter 2050. Det var viktig for EU å kome til einigheit i tide til president Bidens toppmøte om klima 22. og 23. april. Rådet, Europaparlementet og Kommisjonen blei einige om klimalova onsdag 21. april.