Rettleiar om klimavenleg areal- og transportplanlegging

Rettleiaren viser kva moglegheiter kommunar og fylkeskommunar har for å redusere utslepp av klimagassar i areal- og transportplanlegging.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 15.04.2021

Det er store utslepp av klimagassar frå både nedbygging areal og frå vegtrafikk. Kommunens arbeid med areal- og transportplanlegging er avgjerande for å redusere desse utsleppa.

Mange klimatiltak

Rettleiaren er oppdatert med gode eksempel på konkrete klimatiltak. Tiltaka kan vere utgangspunkt for kommunen sitt arbeid med å bidra til omstilling gjennom framtidsretta areal- og transportplanlegging.

Som ein inspirasjon viser rettleiaren til tidlegare prosjektar frå Klimasats, i tillegg til kunnskapsrike webinarar og podcastar.

Kommunar har ei viktig rolle

Kommunar og fylkeskommunar har ei viktig rolle i arbeidet med å redusere utslepp av klimagassar. For å redusere klimagassutslepp gjennom areal- og transportplanlegging bør kommunane blant anna ta vare på karbonrike areal, redusere transportbehovet og legge til rette for fleire utsleppsfrie reiser.

Målgruppa for rettleiaren er tilsette i kommunar og fylkeskommunar som arbeider med klima og planlegging. Den kan òg vere nyttig for politikarar og konsulentar, samt andre som er interesserte i klimavenleg areal- og transportplanlegging.