Naturbaserte klimatilpassing-løysingar treng veiledning

Meir kunnskap, veiledning og brukarstøtte for å oppnå naturbaserte løysingar for klimatilpassing, visar ny rapport.

Artikkelen Artikkelen er gammel, og det kan hende at innholdet er utdatert
Publisert 19.01.2021

Naturbaserte løysingar for klimatilpassing handlar om å bruke natur eller økosystem for å motverke verknadane av klimaendringane.

Naturbaserte løysingar for klimatilpassing

På oppdrag frå Miljødirektoratet har Asplan Viak og Sintef kartlagt behovet for kunnskap, veiledning og brukarstøtte til gjennomføring av naturbaserte løysingar for klimatilpassing. 

Rapporten viser eit samansett bilete av kvifor naturbaserte løysingar ikkje vert vald i større grad. Kunnskapshol om eit relativt nytt tema skaper skepsis. Dette gjeld både konkret utforming av løysingane og i prosessane frå planlegging til prosjektering, bygging og drift.

Engasjement og kompetanse over heile landet

Til tross for kunnskapshol om tema, finst det eit eksisterande engasjement over heile landet. Dette er eit godt utgangspunkt som gjev moglegheiter for meir utstrakt bruk av naturbaserte løysingar. 

For å oppnå dette, krevjast ei heilheitleg tilnærming med eksisterande veiledningsmateriell og meir brukarvenlege verktøy. Dette kan gjere samfunnet betre rusta i møte med forventa klimautfordringar, samtidig som ein vernar naturmangfoldet.